Slaget ved Fort Bull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget ved Fort Bull
Del av den franske og indianske krigen
Forts in 1750.JPG
Dato 27. mars 1756
Stad dagens Rome i New York, då eit grenseområde mellom Canada i Ny-Frankrike og Provinsen New York
Resultat Fransk siger
Partar
Pavillon royal de France.svg Frankrike Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Kommandantar
Chaussegros de Léry William Bull 
Styrkar
84 Troupes de la Marine
166 militssoldatar
90 irokesarar
20 Huron
111 ståande
Tap
1 døde
2 skadde
76 døde
35 tekne til fange

Slaget ved Fort Bull var eit fransk åtak på det britiske Fort Bull den 27. mars 1756, tidleg i den franske og indianske krigen.

Løytnant Gaspard-Joseph Chaussegros de Léry leia styrkane som bestod av Troupes de la Marine, kanadiske militssoldatar og allierte indianarar i eit åtak på Fort Bull den 27. mars 1756. I ly av trea sneik deg seg heilt inn til 100 meter frå fortet. Léry gav ordre om å ta fortet med bajonettar. Dei stakk muskettane sine inn gjennom dei smale opningane i fortet og skaut forsvararane. Léry bad dei stadig om å overgje seg. Til slutt kom dei seg inn porten og franskmennene og indianarane strøymde inn og tok livet av alle dei såg. Dei franske soldatane stal det dei kunne og sette krutmagasina i brann. Fortet vart brenn ned til grunnen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter at britane ikkje hadde lukkast med feltoget sitt i 1755, vart ei rekkje fort langs Mohawk River opp til Lake Ontario forsterka med garnisonar gjennom vinteren 1755–1756. Den største garnisonen vart verande i Fort Oswego, i enden av rekkja, og var avhengig av dei andre for å få forsyningar. To fort låg på kvar side av Oneida Carry (dagens Rome i New York) og var nøkkelen i forsyningslinja. Fort Williams ved Mohawk var det største av dei to, medan Fort Bull, fleire kilometer nord for Fort Williams ved Wood Creek, ikkje var noko særleg med enn ein palisade rundt nokre lagerbygningar. Fort Bull hadde ein liten garnison med menn under William Bull og her var lagre store mengder krut og ammunisjon, som skulle nyttast i felttoga i 1756.[1]

Tidleg i 1756 valte dei franske militære leiarane i Canada å sende ein ekspedisjon for å angripe forsyningslinja til Oswego. Den 12. mars sette kompani ut frå Fort de La Présentation og gjekk over land til Oneida Carry. Under løytnant Gaspard-Joseph Chaussegros de Léry, ein kanadisk-fødd seigneur, bestod styrken av 84 troupes de la Marine, 111 kanadiske militssoldatar og 110 innfødde, hovudsakleg irokesarar. Etter neste to veker med ei vanskeleg vinterreise, nådde dei staden den 24. mars.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Tidleg 25. mars tok mennene til Léry tolv britiske menn til fange nær Fort Bull, medan andre rømde og sprang mot Fort Williams. Frå fangane lærte franskmennene om det svake forsvaret til Bull og valte å gå til åtak med ein gong. Utan feltkanonar var det berre mogeleg å storme fortet i eit overraskingsåtak. Mennene i fortet klarte akkurat å lukke porten får dei franske styrkane nådde fram. Angriparane klarte å skyte gjennom små hol i veggane, som svarte med å kaste stein og granatar over veggane. Då Bull nekta å overgje seg, vart porten riven ned med økser og angriparane storma fortet. Nesten heile den vesle garnisonen vart drepen og skalpert. Franskmennene sette så fortet i brann og mellom anna gjekk 45 000 pund krut opp i lufta. Heile fortet vart øydelagd.[2]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Ein stjerneforma palisade av tre med fire indre bygningar vart bygd frå mai til august 1756 som Fort Wood Creek. Fort Wood Creek vart øydelagd av britane i august 1756 då ein fekk rapportar om at franskmennene igjen var på veg. Forsyningane som gjekk tapt i Fort Bull øydela dei britiske planane om å ta dei franske forta langs Lake Ontario og kan ha medverka til at franskmennene tok Fort Oswego i august 1756.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Parkman, s. 374
  2. Parkman, s. 375-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]