Slaget ved Fort Necessity

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Fort Necessity
Del av den franske og indianske krigen

Ein moderne kopi av Fort Necessity
Dato 3. juli 1754
Stad Nær dagens Farmington og

Uniontown i Pennsylvania

Resultat Fransk og indiansk siger
Partar
 Storbritannia
Britisk Amerika
 Frankrike
Franske allierte indianarar (Huron, Ottawa, Nipissing m.fl.)
Kommandantar
George Washington #
James Mackay #
Louis Coulon de Villiers
Styrkar
100 regilære
300 milits[1]
600 franske og indianske[2]
Tap
31 drepne
70 skadde,
369 fanga[3]
3 drepne
19 skadde
Den franske og indianske krigen
Jumonville GlenFort NecessityFort BeauséjourMonongahelaLake George - Fort Bull - Fort Oswego - KittanningFort William HenryBloody Creek - Louisbourg - German Flatts - Fort CarillonFort Frontenac - Fort DuquesneFort LigonierTiconderogaLa Belle-Famille - Fort NiagaraBeauportQuebecSainte-FoyRestigouche - Thousand IslandsSignal Hill

Slaget ved Fort Necessity, eller Slaget ved the Great Meadows fann stad 3. juli 1754 i det som i dag er grenda Farmington i Fayette County i Pennsylvania. Dette var ein av dei første kamphandlingane i den franske og indianske krigen og einaste gongen George Washington overgav seg i kamp. Dette slaget, i lag med slaget ved Jumonville Glen i mai same året, medverka til ei rekkje militære eskaleringar som resulterte i den globale sjuårskrigen.

Slaget vart utkjempa på ei høgtliggande eng vest for toppen frå eit vanskeleg pass austover gjennom Alleghenyfjella.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha sigra i slaget ved Jumonville Glen, kalla den franske kommandanten Joseph Coulon de Jumonville Washington til seg for å fortelje at han var på eit diplomatisk oppdrag.[4] Medan Washington såg over papira til Jumonville, skal ein indianar ha hogge Jumonville i hovudet med ei øks og teke livet av han.[4] Etter at Washington trekte seg attende frå Jumonville, venta han å verte angripen.[5] Indianaren Tanacharison prøvde å overbevise Delaware-, Shawnee- og Seneca-indianarane om å slå seg saman med dei ved Great Meadows. Med om lag 150 frå Virginia ved Great Meadows, starta dei å byggje eit fort, som stod ferdig den 3. juni.[5]

Washington hadde høyrt at det var om lag 500 franskmenn ved Fort Duquesne, som hadde lite forsyningar igjen, og han førte 300 mann til Great Meadows den 16. juni for å spreie spora sine for eventuelle fiendar som følgde etter dei til Red Stone Creek.[1] Washington fekk melding den 18. juni om at Tanacharison ikkje hadde klart å overbevise dei andre høvdingane om å støtte Washington, og at han heller ikkje kunne gje dei meir støtte. Utan støtte frå indianarane var troppane hans meir sårbare for åtak, og Washington heldt fram med å spreie spora sine på veg mot Red Stone Creek.[6]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den 28. juni, etter eit krigsråd, gav Washington ordre om å trekkje seg attende til Great Meadows.[6] Same dag forlet 600 franskmenn og kanadiarar og 100 indianarar Fort Duquesne under Louis Coulon de Villiers, bror til Jumonville. For å kome før franskmennene, måtte mennene frå Virginia forlate det meste av forsyningane sine.[6] 1. juli nådde dei Fort Necessity.[6] Franskmennene fekk Foret Necessity i syne den 3. juli og gjekk til åtak i kraftig regnvêr. Det kraftige regnet gjorde at skyttargravene til Washington vart fylte med vatn og ikkje kunne nyttast. Washington avgjorde derfor å storme mot franskmennene i skogen utanfor med heile styrken sin. Britane måtte trekkje seg tilbake til fortet under kraftig eld frå franskmennene.

Villiers, som ikkje visste når han ville få forsterkingar, sendte ein offiser med kvitt flagg for å forhandle.[7] Han bad britane trekkje seg attende til Virigina og åtvara dei om at visst dei ikkje gjorde så, så kunne indianarane kome til å storme fortet og skalpere heile garnisonen.[7]

Washington overgav seg og han og troppane forlet Fort Necessity.[8] Washington fekk ikkje skulda for nederlaget av guvernør Dinwiddie, som han hadde venta, men i staden fekk han støtte, medan dei i staden la skulda på dårlege forsyningar og lite støtte frå dei andre koloniane.[9]

Etterverknader[endre | endre wikiteksten]

Då meldingane om dei to slaga nådde England i august, sendte regjeringa ein arme til Nord-Amerika for å drive bort franskmennene.[10] Franskmennene fekk vite om dei britiske planane lenge før dei fekk sendt ut armeen sin, og Frankrike sendte så ein mykje større tropp til Canada i 1755.[11] Stridane som følgde i Nord-Amerika eskalerte fram til Frankrike og Storbritannia erklærte krig mot kvarandre våren 1756 og sjuårskrigen var formelt i gang..[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lengel s.40
  2. Lengel s.42
  3. Sheppard s.48
  4. 4,0 4,1 Lengel s.38
  5. 5,0 5,1 Lengel s.39
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Lengel s.41
  7. 7,0 7,1 Lengel p.44
  8. Lengel s. 45
  9. Lengel s.47
  10. Fowler, s. 52
  11. Fowler, s. 64
  12. Fowler, s. 98

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]