Slaget ved Fort Niagara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 43°15′46″N 79°3′48″W

Slaget ved Fort Niagara
Del av den franske og indianske krigen
Fort Niagara castle 3.jpg
Fort Niagara
Dato 6. til 26. juli 1759
Stad nær dagens Youngstown i New York
Resultat
Partar
Pavillon royal de France.svg Frankrike Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Irokesarføderasjonen
Kommandantar
Pierre Pouchot # John Prideaux  
William Johnson
Sayenqueraghta
Styrkar
486 2000 regulære
1000 militssoldatar
945 irokesarar
Tap
109 drepne eller skadde
377 tekne til fange
239 drepne eller skadde

Slaget ved Fort Niagara var ei omleiring seint i den franske og indianske krigen, den nordamerikanske delen av sjuårskrigen. Den britiske omleiringa av Fort Niagara i juli 1759 var ein del av forsøket på å fjerne franskmennene frå området kring Dei store sjøane og Ohiodalen, for slik å kunne invadere den franske provinsen Canada frå vest i lag med General James Wolfe sin invasjon frå aust.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den britiske general Jeffrey Amherst hadde planar i 1759 om eit felttog i den franske og indianske krigen som omfatta å erobre Fort Niagara, som var ein stor militærbase for franskmennene mellom den franske provinsen Canada og forta deira i Ohio Country. Amherst valte brigadegeneral John Prideaux til å leie ekspedisjonen i lag med sir William Johnson, den britiske indianske agenten som leia dei irokesiske styrkane.

Fort Niagara hadde stort sett vorte bygd under kaptein Pierre Pouchot frå den franske armeen. Tidleg i 1759 sendte general Louis-Joseph de Montcalm og guvernøren i Ny-Frankrike, Marquis de Vaudreuil, han om lag 2500 mann for å forsterke Niagara i tillegg dei 500 mennene som hadde overvintra der. Pouchot tok imot ordre frå Vaudreuil, og sendte mange av desse mennene sørover til Fort Machault i midten av juni for å forsterke dei franske forta i Ohio Country og angripe britane i Fort Pitt. Igjen for å forsvare Niagara var om lag 200 mann frå regiment frå Royal Roussillon, Languedoc, La Sarre og Béarn, 20 artillerimenn og om lag 300 soldatar og militssoldatar frå provinsane.[1]

Den britiske armeen til Prideaux bestod av to regiment og to kompani på totalt 2200 mann. Han kommanderte òg 2500 militssoldatar frå New York og 700 frå Rhode Island. Vassføringa i Mohawk River var høg, så somme av kompania frå provinsane vart forseinka. Ekspedisjonen forlet derfor ikkje Schenectady før i midten av mai. 27. juni nådde dei Fort Oswego, der dei slo seg saman med Johnson og om lag 600 irokesarar.

Prideaux etterlet seg nokre menn i garnisonen i Oswego, og la 1. juli i veg med om lag 3500 mann. Franskmennene hadde skip som patruljerte Lake Ontario på utkikk etter britane, men den britiske flotiljen klarte likevel å kome seg forbi dei. Dei nådde fram til Fort Niagara den 6. juli, og gjekk i land nær ei myr med utanfor syne frå fortet og starta umiddelbart å leggje ei omleiring.

Omleiringa[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene hadde kring hundre irokesarar ved fortet som deserterte då britane kom. Kaptein Pouchot klarte å sette opp eit kraftig forsvar.

Prideaux vart drepen av ei granat frå sine eigne kanonar og kommandoen over dei britiske styrkane vart gjeven til William Johnson. Johnson var ein provinsoffiser og høyrte ikkje til den ståande hæren, og det vart derfor stilt spørsmål om han var rette mannen for oppgåva. William hadde status som kongeleg oberst over den irokesiske støttetroppen og insisterte på å vere øvstkommanderande.[2]

Franskmennene kapitulerte den 26. juli etter at ein fransk hjelpestyrke vart slått i slaget ved La Belle-Famille 3 km sør for fortet.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Fort Niagara overgav seg same dag som franske styrkar forlet Fort Carillon under den store britiske armeen til general Amherst. Fort St. Frédéric vart òg øydelagd då dei franske styrkane forlet Lake Champlain for å verne det sentrale området i Canada. Dei fleste franske styrkane var ved Quebec, der Montcalm leia forsvaret mot Wolfe si omleiring. Quebec fall i september 1759 og heile Ny-Frankrike overgav seg i september 1760. Dei gjenverande franske forta i Ohio og Illinois Country vart til slutt overgjeve til britiske styrkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Severance, s. 266
  2. Milton W. Hamilton, Sir William Johnson: Colonial American, 1715–1763 (Port Washington, New York: Kennikat Press, 1976; ISBN 0-8046-9134-7), s. 251–53.