Slaget ved Fort Oswego

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Fort Oswego
Del av den franske og indianske krigen
[[Fil:|300px]]
Siger
Dato 10. til 14. august 1756
Stad Fort Oswego, dagens Oswego i New York
Resultat Fransk siger
Partar
 Frankrike  Storbritannia
Kommandantar
Louis-Joseph de Montcalm James Mercer 
John Littlehales
Styrkar
3000 franske soldatar, troupes de la marine, kolonimilitssoldatar og indianarar 1100 militssoldatar
Tap
30 døde eller skadde 80–150
1700 tekne til fange (inkludert sivile)
Den franske og indianske krigen
Jumonville GlenFort NecessityFort BeauséjourMonongahelaLake George - Fort Bull - Fort Oswego - KittanningFort William HenryBloody Creek - Louisbourg - German Flatts - Fort CarillonFort Frontenac - Fort DuquesneFort LigonierTiconderogaLa Belle-Famille - Fort NiagaraBeauportQuebecSainte-FoyRestigouche - Thousand IslandsSignal Hill

Slaget ved Fort Oswego var ein av fleire tidlege franske sigrar i den nordamerikanske krigsskodeplassen i sjuårskrigen som dei vann trass i at Ny-Frankrike var militært sårbare. I løpet av veka frå den 10. august 1756, klarte franske styrkar under General Montcalm å ta og okkupere dei britiske festningsverka ved Fort Oswego, som ligg i dagens Oswego i New York.

I tillegg til 1700 fangar, tok styrkane til Montcalm 121 kanonar frå fortet. Med fallet til Fort Oswego, vart britane fjerna frå Lake Ontario og dei kunne ikkje lenger truge den nærliggande franskkontrollerte Fort Frontenac. Slaget er kjend for å vise at tradisjonell europeisk omleiringstaktikk kunne nyttast i Nord-Amerika når ein nytta han i rette tilhøve og terreng.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den franske og indianske krigen.

Etter byrjinga på den opne konflikten mellom franske og britiske kolonistar i 1754, som starta med Slaget ved Jumonville Glen, sende begge styresmakter stampersonell til Nord-Amerika for å kunne ta Ohio Country og andre tilstøyande område, mellom anna grensområdet mellom den franske provinsen Canada og den britiske provinsen New York, eit område som ligg i dagens Upstate New York som då stort sett var kontrollert av Irokesarføderasjonen. Ein del av planen til britane for 1755 var å ta Fort Niagara i vestenden av Lake Ontario. Den planlagde ruta for denne ekspedisjonen var å følgje Oswego River til innsjøen og opprette ein stor base ved elvemunningen (der dagens Oswego i New York ligg).[1] Under rettleiing frå William Shirley, guvernøren i Provinsen Massachusetts Bay, vart det opphavlege Fort Oswego forsterka og to nye fort, Fort George og Fort Ontario, vart bygde i 1755. Den planlagde ekspedisjonen til Fort Niagara fann aldri stad på grunn av logistiske vanskar og festningsverka rundt Oswego vart bemanna vinteren 1755–56.[2]

Franskmennene hadde i 1755 dei einaste store marinefartøya på Lake Ontario og flytta seg fritt omkring på innsjøen mellom Fort Niagara i vest og Fort Frontenac ved starten til St. Lawrence-elva. I mars 1756 slo dei til mot Fort Bull, som var ein viktig forsyningsbase for forta ved Oswego. Dei klarte å øydeleggje forsyningane som var meint for garnisonane i Oswego og øydela planane til Shirley om ein ekspedisjon mot Fort Niagara i 1756.[3] Etter ordre frå guvernøren i Ny-Frankrike, Pierre François de Rigaud, Marquis de Vaudreuil-Cavagnal, i mai 1756 starta franske og indianske styrkar kommandert av Louis Coulon de Villiers å angripe garnisonen i Oswego frå ein leir ved Henderson Bay (sør for dagens Sackett's Harbor i New York).[4]

General Louis-Joseph de Montcalm kom fram til Montreal i mai 1756 for å leie den franske armeen. Han og guvernør Vaudreuil kom med ein gong på kant med kvarandre og var ueinige i om kven som skulle ta kommandoen. Montcalm var uroleg over dei store britiske styrkane i sørenden av Lake George, og for derfor først til Fort Carillon ved Lake Champlain for å sjå over forsvarsverka der.[5] Vaudreuil starta samstundes å samle troppar ved Fort Frontenac for eit mogeleg åtak på Oswego. Etter å ha fått gode rapportar frå Villiers, bestemte Montcalm og Vaudreuil seg for å gjere eit forsøk.[6]

Massachusetts-guvernøren William Shirley

Guvernør Shirley fekk i mars 1756 melding om at han skulle erstattast av John Campbell, 4. Earl of Loudoun.[7] Loudoun sin nestkommanderande, general General James Abercrombie, kom først til Albany seint i juni og Shirley nytta mellomtida til forsterke forsyningane i Oswego i vente på å føre ein ekspedisjon mot dei franske forta ved Lake Ontario.[8] I juni reiste William Johnson til hovudkvarteret til irokesarane i Onondaga og klarte å få irokesarane Shawnee og Delaware over på britisk side. Styrkar som Shirley håpte å kunne nytte i ekspedisjonen sin. Shirley leigde òg 2000 armerte «battoemen», som var sjømenn og skipsbyggarar.[9] Under John Bradstreet klarte desse mennene å forsyne forta i Oswego i juli, sjølv om dei vart angripne av ein fransk styrke på veg tilbake og tapte 60-70 mann.[10]

Då Loudon kom til Albany seint i juli avlyste han planane til Shirley om ein Oswego-basert ekspedisjon.[11]

Forsvaret ved Oswego[endre | endre wikiteksten]

Forsvarskomplekset ved Oswego bestod av tre forskjellige fort. På austsida av Oswego River låg Fort Ontario, ein tømmerfestning som vart bygd i 1755 oppfor elvemunningen. Fortet hadde ein garnison på 370 mann og var i forholdsvis god stand. Fort Oswego låg på vestsida av elva og hadde ein sentral struktur i stein og leire omringa av jordvollar i sør og vest, men var heilt ope mot Fort Ontario, på andre sida av elva. Eit nybygd Fort George bestod av ein uferdig trepalisade som til og med mangla skytehol som forsvararane kunne skyte gjennom. Her heldt 150 militssoldatar til. Dei to sistnemnde forta hadde ikkje mykje ly for garnisonen som var der og heile forsvarskomplekset hadde berre nokre få kanonar til saman.[12]

Kart over krigsskodeplassen; Oswego er nede til høgre for Lake Ontario

Store delar av dei to regimenta frå Massachusetts hadde overvintra der og mangla forsyningar, særleg mat. Så sjølv om garnisonen talde 2000 mann, var det mindre enn 1200 mann som var tenestedyktige.[13]

Franskmennene nærmar seg[endre | endre wikiteksten]

Montcalm forlet Carillon den 16. juli kommandert av Chevalier de Levis, og nådde Montreal tre dagar seinare. Etter to dagar reiste han mot Fort Frontenac, der franske soldatar samla seg i lag med mange indianarar. Av dei franske styrkane fann ein bataljonar frå La Sarre, Guyenne og Béarn, troupes de la marine og kolonimilitssoldatar, medan indianarane, som talde 250 mann, kom frå alle områda i Ny-Frankrike. Totalt bestod styrken av 3000 mann. Bror til guvernøren, François-Pierre de Rigaud, førte ein fortropp på 700 mann for å møte styrken til Villiers ved Sackett Harbor før hovudstyrken sette vidare til 4. august. Dei kryssa elva om natta til det som i dag heiter Wolfe Island, medan baktroppen vart liggande der om dagen før dei om natta kryssa over til Sackett's Harbor. 8. august var heile styrken samla der og sette dagen etter vidare mot Oswego.[14]

9. august marsjerte troppane til Rigaud og Villiers over land til Oswego, medan Montcalm og resten av styrken heldt seg langs breidda i bateaux, og gjekk i land 3 km aust for Fort Ontario tidleg den 10. august. Dei vart ikkje oppdaga før ein liten patruljebåt oppdaga dei morgonen etter. Større båtar vart sende av britane for å drive bort det franske feltartilleriet.[15]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Ingeniøren til Montcalm inspiserte det britiske forsvarsverket i lag med andre offiserar og nokre indianarar. Ein av indianarane, som var ivrig etter å få ein skalp, trudde ingeniøren var ein britisk soldat og skaut han død. Montcalm bad Pierre Pouchot om å ta over for å finne ut korleis dei skulle omleire dei britiske stillingane.[16]

General Louis-Joseph de Montcalm

Natt til 12. august byrja franskmennene å grave grøfter mot Fort Ontario. Dei starta å skyte på kvarandre med kanonane fram til seint på dagen 13. august, då dei etter ordre frå Mercer forlet fortet, sjølv før franskmennene var ferdig med grøftene sine.[13]

Montcalm okkuperte dermed fortet og sette opp batteri på vestsida av høgda, der dei kunne nå Fort Oswego på austsida. Franskmennene hadde ni kanonar klare morgonen 14. august. Då desse opna eld mot steinbygningane i Fort Oswego fall murane saman. Kanonane i Fort Oswego var ikkje retta mot elva i det heile, fordi ein ikkje venta åtak frå den retninga. Kanonane vart omsider snudd rundt og fekk avfyrt nokre skot tilbake.[17] Montcalm hadde gjeve Rigaud ordre om å føre nokre menn over elva oppfor festninga, og desse mennene nådde klaringa utanfor Fort Oswego om lag samstundes med at oberst Mercer vart treft og drepen av ei fransk kanonkule. Etter eit kort møte heva John Littlehales, som tok over kommandoen etter Mercer, det kvite flagget.[18]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

John Campbell, 4. Earl of Loudoun

Britane overgav 1700 folk, mellom dei arbeidarar, skipsbyggarar, kvinner og born.[18] Då fortet vart opna for dei kanadiske militssoldatane og indianarane, skunda dei seg inn og plyndra fortet, opna tønner med rom og drakk seg fulle. Under forvirringa som oppstod, prøvde nokre britar å rømme, men vart drepne av fulle franskmenn og indianarar. General Montcalm, som var sjokkert over oppførselen, klarte til å slutt å stoppe drepinga og gav så ordre om å øydeleggje alle forsyningane som franskmennene ikkje tok med seg, samt båtane som var under bygging. Etter det reiste heile kompaniet med fangane til Montreal.[19]

Den 12. august fekk Loudoun vite at Oswego hadde fall. Han trekte seg attende til German Flatts, der Loudoun vart verande for å hindre franskmennene i å rykke vidare fram.[20] Loudoun brukte dei neste månadane på å gje William Shirley skulda for tapet.[21] Han vart reinvaska for alle formelle skuldingar, men det kom likevel fram mykje som var i uorden. Shirley hadde politiske samband i London som gjorde at han seinare fekk nye, gode stillingar.[21]

Oswego vart forlate i 1758 då britane gjenerobra området og Bradstreet førte ein ekspedisjon som erobra og øydela Fort Frontenac. Det vart nytta igjen i 1759 då britane la ut mot Fort Niagara og i 1760 av armeen til Jeffrey Amherst som var på veg mot Montreal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lucas, s. 232-235
  2. Parkman, s. 334-338
  3. Parkman, s. 387
  4. Parkman, s. 407
  5. Parkman, s. 390
  6. Lucas, s. 255
  7. Parkman, s. 396
  8. Parkman, s. 397
  9. Parkman, s. 404-406
  10. Parkman, s. 407-409
  11. Nester, s. 17
  12. Nester, s. 20-21
  13. 13,0 13,1 Nester, s. 21
  14. Parkman, s. 421-422
  15. Parkman, s. 422-423
  16. Parkman, s. 423
  17. Parkman, s. 425
  18. 18,0 18,1 Nester, s. 22
  19. Parkman, s. 428
  20. Parkman, s. 419-420
  21. 21,0 21,1 Nester, s. 25