Slaget ved Guastalla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Slaget ved Guastalla
Del av den polske arvefølgjekrigen
Guastalla1734.jpg
Handmalt periodekart (orientert med vest øvst) som syner rekkjefølgja i slaget.
Dato 19. september 1734
Stad Guastalla i grevskapet Guastalla (dagens Emilia-Romagna i Italia)
Resultat Fransk-sardinsk siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Flag of Sardinia, Italy.svg Sardinia
Flag of the Habsburg Monarchy.svg Det austerrikske riket
Kommandantar
Flagget til Sardinia Karl Emmanuel III av Sardinia
Flagget til Frankrike François-Marie, 1. duc de Broglie
Flagget til Frankrike François de Franquetot de Coigny
Dominik von Königsegg
Fredrik av Württemberg 
Styrkar
49 000 mann 40 000 mann
Tap
1 600 drepne
4 000 skadde
1 600 drepne
4 200 skadde
1 600 hestar drepne

Slaget ved Guastalla eller slaget ved Luzzara var eit slag utkjempa den 19. september 1734 mellom fransk-sardinske og austerrikske (habsburgske) soldatar i den polske arvefølgjekrigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå den polske arvefølgjekrigen.

Etter at kong August II av Polen døydde i februar 1733, prøvde dei europeiske supermaktene med diplomati og militær makt å påverke valet av etterfølgjaren hans. I august 1733 vart Stanisław Leszczyński valt til konge av den polske riksdagen, medan Fredrik August, kurfyrste av Sachsen vart valt i oktober same år med støtte frå Russland. Stanisław hadde hovudsakleg støtte hos Frankrike, medan Fredrik August vart støtta av Russland og Habsburg-keisaren Karl VI. Den 10. oktober erklærte Frankrike krig mot Austerrike og Sachsen, for at dei skulle trekkje militærstyrkane sine ut av Polen, og kort tid etter invaderte dei både Rheinland og Habsburgområda i det som i dag er Nord-Italia. Det italienske felttoget vart utført i samarbeid med kong Karl Emmanuel III av Sardinia, som Frankrike hadde lovd hertugdømet Milano til i Torinotraktaten, signert i september 1733.

Dei fransk-sardinske allierte marsjerte mot Milano i oktober 1733, og okkuperte hertugdømet Lombardia utan særleg tap. Våren 1734 svarte austerrikarane, men tapte det blodige slaget ved San Pietro, som franskmennene vann under de Coigny og de Broglie. Etter sigeren nølte Karl Emmanuel med å følgje etter austerrikarane og relativt lite skjedde gjennom sommaren 1734. I september prøvde austerrikarane ein ny offensiv under feltmarskalk Dominik von Königsegg-Rothenfels, som erstatta Florimund Mercy (som mista livet i San Pietro), og dei vann ein liten siger nær Quistello då soldatane klarte å raide hovudkvarteret til de Broglio den 14. september. Dei tok 1500 fangar og krigskista til Karl Emmanuel. Då austerrikarane følgde etter dei allierte, omringa dei fleire lommer med soldatar, og tok ytterlegare 3000 fangar. Dei allierte fall attende til Guastalla, der dei forskansa ei stilling mellom elvane Crostolo og Po.

Etter eit opphald for å få forsyningar den 16. september, heldt Königsegg framm forfølginga, og nådde Luzzara den 18. september. Kommandantane til dei allierte valte å tvinge eit slag fram ved Guastalla som hemn for åtaket mot Quistello.

Slaglinjene[endre | endre wikiteksten]

Området mellom Guastalla og Luzzara, inkludert to små demningar, og mange andre anlegg på land, vart nytta som dekke for dei forsvarande soldatane. Vest for Guastalla var ei slette strødd med krattskog ned mot Po, der dei allierte hadde ei båtbru for å få soldatane over elva. Mellom bruhovudet og festningsbyen Guastalla reiste dei ei rekkje forsvarsverk mellom dei to demningane, med ein stor redutt om lag halvvegs mellom brua og byen. Den allierte linja strekte seg frå landsbyen Piave, sør for Guastalla, rundt austsida og nordsida av byen, og enda med kavaleribataljonar ved slettene føre forsvarslinja mellom byen og brua. Øvstkommanderande var Karl Emmanuel, som leia senteret, med de Coigny i kommando over høgreflanken og de Broglie over venstreflanken. Morgonen 19. september sendte Karl Emmanuel tre regiment over Po for å passe på eit mogeleg austerriksk flankeåtak, som kunne kome seg forbi armeen hans og nå områda til Milano. Austerrikske soldatar vart sett på venstreflanken av Po den 18. september og forsterka uroa over denne mogelegheita.

Då Königsegg fekk vite om denne siste manøveren, meinte han det var på tida å angripe den allierte stillingav ved Guastalla, i håp om ein avgjerande siger, og tvinge dei allierte til anten på andre sida Po eller andre sida av Crostolo. Sidan han ikkje personleg hadde fått sjanse til å rekognosere stillingane til fienden, og rappoartane indikerte at det ikkje var store samlingar av fiendtlege soldatar (som hovudsakleg var gøymd bak dei mange strukturane langs forsvarslinja), meinte Königsegg til slutt at mesteparten av dei allierte soldatane hadde kryssa over til andre sida av Po. Han håpte på å isolere dei gjenverande soldatane og retta hovudåtaket sitt mot bruhovudet ved den allierte venstreflanken.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Königsegg sende dei første kompania ut tidleg om morgonen den 19. september, utan å fortelje dei kommanderande generalane eksplisitt at det var venta eit slag. Då fronten av armeen hans nådde dei allierte stillingane indikerte rekognoseringar at det var så få som 5000 infanteristar på slagmarka, og at kavaleriet til fienden var i retrett. Overtydd om at han var på veg mot baktroppen til den allierte armeen, gav Königsegg ordre om ei enkel linje med soldatar framover kring 1000 for å fjerne dei siste soldatane. Då dette vart møtt med liten suksess, vart han tvungen til å sende fleire soldatar til slaget, som auka i intensitet kring 1100. Kring 1200 retta Karl Emmanuel soldatane sine frå den allierte høgreflanken for å komme rundt å støtte opp om forsvaret av venstreflanken, der ein stor del av den austerrikske armeen var i kamp mellom dei to demningane. Kring 1300 vart Königsegg sin nestkommanderande prins Fredrik Ludvig av Württemberg-Winnental drepen då han leia eit kavaleriåtak.

Medan slaget heldt fram utan stans, kom dei austerrikske grenaderane opp elva med båt og gjekk i land like bak stillinga til det allierte kavaleriet. Som følgje av dette sendte gav Karl Emmanuel ordre til venstreflanken om trekkje seg attende til bruhovudet, og sendte dei fleste gjenverande soldatane frå høgreflanken som støtte. Somme soldatar frå høgreflanken marsjerte for å støtte senteret utan ordre om å gjere dette, noko som gjordce at senteret klarte å halde stand då Königsegg sendte reservane sine inn i slaget der kring 1400.

Slaget heldt fram til kring 1600 utan at nokon av sidene klarte å vinne terreng mot kvarandre, og ingen av dei hadde fleire reservar å sette inn. No hadde begge sider lite ammunisjon igjen og Königsegg gav austerrikarane ordre om å trekkje seg attende til Luzzara.

Ettervekrnad[endre | endre wikiteksten]

Fredrik av Württemberg, som mista livet i slaget.

Dei allierte stod att på slagmarka, men begge sider hadde lidd store tap. Austerrikarane mista tre generalar (inkludert prins Fredrik) og dei allierte fire. Austerrikarane mista 4 800 som anten miste livet eller vart skadde, og meir enn 1600 hestar vart drepne. Dei allierte mista 1600 mann og kring 4000 vart skadde.

Karl Emmanuel og dei franske kommandantane, som etter å ha fått nokre forsterkingar, tenkte på å angripe austerrikske stillingar reist på nordsida av Po dei neste dagane, men rekognoseringsrapportar indikerte at stillingane var umogele gå angripe. Königsegg vendte attende til Mantova, der han gav soldatane sine ordre om å forsvare byen og Tirol, og fekk med seg 4000 ekstra soldatar i armeen sin, som no hadde vorte redusert til berre 16 000 mann. Dei allierte gjorde eit forsøk på å gjenerobre Mirandola i oktober, men Königsegg klarte å samle saman 10 000 soldatar som stoppa kringsetjingsforsøket.

Etter dei allierte vinstane i 1733, hadde dei to sidene, mellom dette slaget og det i San Pietro, fått 12 000 mann drepne eller skadde, og felttoget i 1734 enda der det hadde byrja. Marskalk de Broglie skreiv at om slaget ikkje hadde vorte utkjempa, hadde verda blitt vinnaren.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Campaigns of Prince Eugene of Savoy, Volume 19, p. 392