Slaget ved Haelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Haelen
Del av kampen om grensene under første verdskrigen

Postkortframstilling av slaget ved Haelen
Dato 12. august 1914
Stad Halen i Limburg i Belgia
Resultat Belgisk taktisk siger
Partar
Belgia Tyskland, Preussen
Kommandantar
Flagget til Belgia Léon de Witte Flagget til Tyskland Georg von der Marwitz
Styrkar
5 regiment:
  • 2 400 kavaleristar
  • 450 skyttarar på syklar
6 regiment:
  • 4 000 kavaleristar
  • 2 000 infanteri
Tap
160 drepne
320 skadd
150 drepne
600 skadd
300 tekne til fange

Slaget ved Haelen, også kalla «Sølvhjelmslaget» (fransk Bataille des casques d'argent, nederlandsk slag der zilveren helmen), var eit kavalerislag ved byrjinga av den første verdskrigen mellom tyske og belgiske styrkar. Slaget fann stad 12. august 1914 ved den vesle belgiske marknadsbyen Haelen (no Halen), ved eit godt kryssingpunkt over elva Gete for den framrykkande tyske hæren. Det enda med ein taktisk siger for belgiarane. Det blei kjend som «sølvhjelmslaget» etter dei mange kavalerihjelmane som låg att etter dei tyske kavaleristane.

Tysk kavalerihjelm funnen etter slaget.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

3. august nekta dei belgiske styresmaktene eit tysk ultimatum som kravde å bruka territoriet til det erklært nøytrale landet til troppetransport. Storbritannia hadde garantert militær støtte om Tyskland skulle invadera. Belgia braut dei diplomatiske banda med Tyskland etter at landet erklærte krig mot Frankrike. 5. august erklærte Tyskland krig også mot Belgia, og tyske styrkar kryssa grensa.

Ei veke etter invasjonen hadde tyskarane omleira Liège og det tyske kavaleriet nærma seg Hasselt og Diest. Belgiarane valde Haelen som staden der dei ville forsøka å forseinka framrykkinga slik at den belgiske hæren kunne trekka seg ordna tilbake mot vest. Den belgiske kavaleridivisjonen blei send frå Tienen til Budingen og Haelen for å utvida den belgiske venstre flanken.[1]

11. august såg belgiske speidarar store grupper tysk kavaleri, artilleri og infanteri i området mellom Tienen og Hasselt og Diest. For å stoppa frammarsjen blei den belgiske kavaleridivisjonen under løytant-general Léon de Witte send for å vakta brua over Gete ved Haelen. Hovudvegen frå Hasselt til Diest gjekk gjennom landsbyen. Kavaleristar til fots blei sette til å forsvara brua, i tillegg til ei linje bak landsbyen om Haelen skulle bli teken. [2]

Slag[endre | endre wikiteksten]

Kart over Haelen, med Diest i nord og Tienen (Tirelmont) i sør, frå 1914.

Den 2. tyske kavalerikommandoen (tyske Höhere Kavallerie-Kommando 2/HKK 2) under leiing av Georg von der Marwitz byrja først ei forflytting 12. august ettersom hestane deira var utslitne av sommarvarmen og mangel på havre. 2. kavaleridivisjon under major-general von Krane forflytta seg gjennom Hasselt til Spalbeck og 4. kavaleridivisjon under løytnant-general von Garnier advanced via Alken til Stevort. Det belgiske hovudkvarteret hadde gjennom tyske radiomeldingar oppdaga at tyske troppar nærma seg stillinga til de Witte, og sendte 4. infanteribrigade for å styrka kavaleridivisjonen.

Marwitz gav orde til 4. kavaleridivisjon om å kryssa Gete, og 8:45 a.m. gjekk 7. og 9. Jäger-bataljon ram.[3] Ei tysk gruppe speidarar frå Herk-de-Stad kom under belgisk eld. Rundt 200 belgiske soldatar prøvde å setja opp ein befesta posisjon i det gamle bryggjeriet i Haelen, men blei drivne ut av tysk feltartilleri.[4]

Belgiske ingeniørar hadde sprengd brua av Gete, men strukturen var ikkje blitt fullstendig øydelag. Rundt 1000 tyske soldatar kom seg til sentrum av Haelen.[4] Den viktigaste belgiske forsvarslinja var vest for Haelen, i terreng som gav åtakarane dårleg sikt. Dei tyske 17. og 3. kavaleribrigadane hjelpte Jäger-styrkane slik at dei kunne frakta artilleri til sørenden av landsbyen, men åtak i åkrane utanfor blei slått tilbake med mange tap.[3] Mot slutten av dagen braut Marwitz av kampen. 2. kavaleridivisjon trekte seg tilbake mot Hasselt og 4. kavaleridivisjon til Alken.[5][3] De Witte hadde klart å slå tilbake det tyske kavaleriet ved å få sine eigne kavaleristar til å kjempa til fots og møta åtaket med massiv geværeld.

Døde hestar etter slaget ved Haelen.

Av dei tyske styrkane var rundt 150 døde, 600 såra og 200–300 tekne til fange. Rundt 400 hestar var gått tapt.[6] Den belgiske hæren hadde rundt 160 døde og 320 såra.[7]

Det tyske kavaleriet hadde klart å skjula operasjonane på tyske høgre flanke og danna ei frontlinje parallelt med Liège. Tyskarane hadde også oppdaga stillingane til den belgiske felthæren, men hadde ikkje klart bryta gjennom den belgiske frontlinja og oppdaga meir.[5][8]

Sjølv om slaget enda med belgisk siger, hadde sigeren liten stratagisk verknad. Dei tyske styrkane omleira og erobra dei befesta områda Namur, Liège og Antwerpen, som den belgiske forsvarsstrategien kvilte på. Den tyske framrykkinga blei stoppa av slaget ved Yser i slutten av oktober 1914. Då hadde tyskarane drive belgiske og allierte styrkar ut av mesteparten av Belgia, og skipa ei militærregjering.[9]

2. kavaleridivisjon blei verande i rundt Hasselt for å vakta området ved Gete fram til invasjonen av Frnakrike. 4. kavaleridivisjon drog sørover en 13. august til området rundt Loon, og deretter søraust for Tirlemont til dei nådde 9. kavaleridivisjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Essen 1917, s. 106–107.
  2. Essen 1917, s. 107.
  3. 3,0 3,1 3,2 Humphries & Maker 2013, s. 108.
  4. 4,0 4,1 General Staff 1915, s. 19.
  5. 5,0 5,1 General Staff 1915, s. 20–21.
  6. Duffy 2009.
  7. Essen 1917, s. 113.
  8. Humphries & Maker 2013, s. 109.
  9. Strachan 2001, s. 208–224, 262–281.

Bøker
Nettstader

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]