Slaget i Hafrsfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Slaget ved Hafrsfjord)
Satellittbilete av Stavanger-halvøya som viser Hafrsfjord, med hammer-form, til venstre. Fjorden til høgre er Gandsfjorden. (Kjelde: NASA WorldWind)
Harald og motstandarane hans møtast i Hafrsfjord, teikning av Erik Werenskiold.

Slaget i Hafrsfjord står sentralt i norsk historie. I ettertid reknar ein at Noreg vart samla til eitt rike i og med slaget. Kong Harald I Hårfagre kjempa her mot fleire småkongar, og vann over dei.

Ei tidfesting av slaget har vore 18. juli 872, og den 18. juli har vorte feira som Hafrsfjorddagen. Ei anna tidfesting er i åra etter 880, av di ein har rekna ut frå alderen til kong Harald.

Slaget skal ha vore i Hafrsfjord, utanfor den noverande Stavanger by. Dukkarar har leita etter moglege restar etter slaget. Til no er ikkje noko funne. Slik er det uvisst kvar slaget i røynda vart halde.

Slaget var avgjerande for Harald av di han endeleg fekk knekt den vestnorske motstanden. Denne hadde vore synleg sidan Slaget ved Solskjel. Slaget ved Hafrsfjord bana veg for at Harald kunne få kontroll med det meste av landet og med rette kunne kalla seg konge av heile Noreg.

I røynda var rikssamlinga ein prosess som vara fleire hundre år. Det særskilde med nett dette slaget var at Harald Hårfagre var den første som greidde å eigne seg heile Noreg og leggja under seg dei mindre kongane. Når riket seinare vart oppdelt att, var det mykje av di Harald hadde late sønene sine rå for ulike landsluter, og av di Mørejarlen og Ladejarlen framleis åtte stor makt. Difor laut dei seinare kongane nytte krefter på å samle landet om att i fleire ættleder. Det var òg eit problem for dei norske kongsemna at kongane i Danmark ofte la seg opp i den norske styringa og freista å tene på splittinga mellom dei norske landslutene.

Småkongane på Sørvestlandet, Agder og Telemark var motstandarane til Harald:

  • Eirik, konge i Hordaland, fall
  • Sulke, konge i Rogaland, fall
  • Sute jarl, bror til Sulke, fall
  • Kjøtve, konge i Agder, flykta
  • Tore Haklang, son til Kjøtve, fall
  • Roald Rygg, konge i Telemark
  • Hadd den harde, bror til Roald, Telemark

Etter slaget[endre | endre wikiteksten]

Kong Harald Hårfagre skal vera gravlagd i Haraldshaugen. På Hafrsfjorddagen den 18. juli 1872 vart det sett opp eit Riksmonument på Haraldshaugen ved Haugesund. Ein rekna då med at denne dagen var 1000 år etter slaget.

Til minne om slaget i Hafrsjord er det sett opp eit kunstverk i Hafrsfjord. Kunstverket heiter Sverd i fjell.

Om slaget kan ein lesa i Soga om Harald Hårfagre i Heimskringla.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]