Slaget ved Hangöudd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget ved Gangut
Del av den store nordiske krigen
Bakua.jpg
Dato 7. august 1714
Stad Hangöhalvøya, sør i Finland
Resultat Russisk siger
Partar
Flagget til Sverige Sverige Flagget til Russland Det russiske tsardømet
Kommandantar
viseadmiral Gustaf Wattrang
Schoutbynacht Nils Ehrenskiöld
Admiral Fjodor Apraksin
Styrkar
1 pram,
6 galeiar,
4 skjergardsbåtar,
~ 1000 mann
99 galleiar,
~ 15 000 mann
Tap
1 pram,
6 galeiar,
4 skjergardsbåtar (ein vart søkt for å lage ei hindring),
Offiserar: 9 døde, 19 fanga
Andre: 361 døde, 561 fanga
125 døde
341 skadde

Slaget ved Hangöudd eller slaget ved Gangut var eit sjøslag som fann stad 7. august 1714 under den store nordiske krigen (1700–21) i farvatnet i Riilahti-bukta, nord for Hangö-halvøya, nær staden der dagens Hangö i Finland ligg. Slaget vart utkjempa mellom den svenske marinen og den russiske marinen. Det var den første viktige sigeren til den russiske flåten i historia.

Namnet på slaget[endre | endre wikiteksten]

Ordet Gangut i namnet på slaget er ei romanisering av Гангут, som er det tradisjonelle russiske kyrilliseringa av Hangöudd, det tradisjonelle svenske namnet på Hangöhalvøya[1]. Andre namn nytta er slaget ved Hangö [2][3] (finsk Hanko) og slaget ved Hangöudd (finsk Hankoniemi)[1][4]. Slaget fann stad i Rilaxbukta nord for Hangöhalvøya. I Sverige og Finland, vert slaget derfor kalla slaget ved Rilax (finsk Riilahti). Det vert òg i somme kjelder kalla slaget ved Ahvenanmaa, det finske namnet på Åland som Russland tok etter sigeren.[5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den russiske tsar Peter I hadde starta offensiven sin i Finland våren 1713. Dei russiske armeane rykte raskt fram heilt til Åbo på sørvestkysten av Finland, men marinen hadde vorte hindra av ein sterk svensk marine som låg i området. Den russiske guvernøren i Finland, prins Mikhail Galitzine, med hovudkvarter i Åbo, klarte ikkje å få støtte frå sjøen, som då var langt viktigare enn landbasert støtte. Flåten til admiral Apraksin vart sendt av tsaren for å opne desse forsyningslinjene.

Ankomst i Hangö[endre | endre wikiteksten]

Då dei russiske skipa kom til halvøya, vart dei møtt av ein sterk svensk flåte kommandert av admiral Wattrang. Apraksin valte å flytte skipa sine bort til den andre sida av halvøya og bad om forsterkingar. Dei fleste av soldatane i Åbo vart som følgje av dette flytta til halvøya.

Ei bøn om hjelp vart òg sendt til tsaren, som var med resten av Austersjøflåten i Reval (no Tallinn). Admiral Apraksin bad tsaren kom å personleg leie åtaket.

Gjennombrotet[endre | endre wikiteksten]

Dei første forsøka på å bryte gjennom dei svenske linjene vart gjort ved å dra galeiar over halvøya. Friksjonen vart redusert ved å nytte okseskinn mellom bakken og skipa. Den første galeien vart drege over med store problem, og dei gav opp fleire forsøk. Admiral Wattrang hadde vorte informert om forsøket til russarane, og sendte ein liten avdeling på 11 skip leia av Schoutbynacht (tilsvarande kontreadmiral) Nils Ehrenskiöld for å avskjere russarane.

Dei kapra svenske skipa vart ført til St. Petersburg, som denne etsinga frå 1715 syner

Avdelinga til Ehrenskiöld bestod av følgjande skip:

Pram
Elefant, flaggskipet hans
Galeiar
Örnen
Tranan
Gripen
Laxen
Gäddan
Valfisken
Mindre fartøy (skjergardsbåtar)
Flundran
Simpan
Gripen
Mörten

Det andre forsøket til russarane var å prøve å nytte det rolege vêret morgonen den 26. juli. Dei vesle galeiane var lette å manøvrere, medan det var særs vanskeleg å snu dei tunge, svenske slagskipa i slikt vêr. Apraksin sendte først ut 20 små galeiar og då det vart klart at den svenske flåten ikkje kunne stoppe dei, sendte han 15 til.

Flåten til Wattrang flytta seg utover og prøvde å blokkere russarane frå å bryte gjennom, då Apraksin gav ordre ved midnatt 26.-27. juli om at resten av skipa skulle bryte gjennom dei svenske linjene. Berre ein galei gjekk tapt då ho gjekk på grunn.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

The Slaget ved Gangut, av Aleksej Bogoljubov

Etter gjennombrotet vart avdelinga til Ehrenskiöld omringa, og han gav ordre til fartøya sine om å danne ei forsvarslinje mellom dei to øyane. Det største svenske skipet, prammen Elefant, låg med breids til dei møtande russiske fartøya. Tre galeiar låg med enden først på kvar side, med to båtar bak kvar ende hos Elefant.

Etter at Ehrenskiöld nekta å overgje seg, gjekk den russiske flåten til åtak. Dei russiske galeiane, kommandert av tsaren, gjekk til åtak to gonger (først med 35, så med 80 galeiar), men vart pressa tilbake. Eit tredje åtak med forsterkinga og ein samla styrke på om lag 95 galeiar, klarte russarane å kapre svenske skip. Under kapringa kollsigla og sokk galeien Tranan, og admiral Ehrenskiöld vart sjølv teken som fange på dekket på sitt eige flaggskip.

Russarane var langt fleire enn svenskane, i enkelte kjelder 15 til ein. Den russiske overmakta i slaget var så stor at det ikkje ein gong var plass for alle dei russiske fartøya i kamp samstundes.

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja St. Pantaleon i St. Petersburg (1735-39) har eit minnesmerke for slaget ved Gangut.

Slaget var den første store sigeren til den russiske flåten, og kan slik samanliknast med slaget ved Poltava. Med sigeren klarte Russland å hindre svenske skip frå å nå farvatnet aust for Ålandshavet, og slik forlenge okkupasjonen av Finland fram til 1721, då freden i Nystad enda krigen.

Sigeren vert framleis feira av den russiske marinen, som har ein lang tradisjon med å alltid ha eit fartøy som heiter «Gangut». Den første rekkja av slagskip for marinen vart òg kalal Gangut-klassen.

Det første monumentet til minne om den russiske marinen, ein trekross, vart reist på staden i 1869 av kontreadmiral Nikolaj Rimskij-Korsakov. Trekrossen vart erstatta av ein meir permanent steinkross i 1870 etter ordre frå tsar Aleksander II[1].

Tilknytte slag[endre | endre wikiteksten]

  • Slaget ved Grengam (1720) — vart utkjempa samde dag seks år seinare og markerte slutten for den svenske overmakta i Austersjøen.
  • Slaget ved Svensksund (1790) — Det mest ambisiøse forsøket til Sverige på å ta attende overmakta i Austersjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • 1,0 1,1 1,2 Historical newspaper library
  • Store sovjetiske leksikon, 3. utg., engelsk omsetjing, bind 6 (1975), side. 527, Battle of Hangö
  • World History at KMLA, The Great Nordic War 1700–1721
  • Pekka Toivanen, The burial grounds of the russian galley fleet in the Gulf of Bothnia (Finland) from 1714, Bothnia Navalis and Jabobstad Museum, 1991
  • David Eggenberger (1985), An Encyclopedia of Battles, ISBN0486249131, s.v. "Ahvenanmaa," s. 8.
  • Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Koordinatar: 59°56′14″N 23°4′54″E