Slaget ved Hattin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krosstoga

Dato 4. juli 1187
Stad Hattins horn 8,5 km vest for Tiberias
Resultat Siger for Ayyubide-dynastiet
Partar
Jerusalem
Tempelriddarane
Ayyubide-dynastiet
Kommandantar
Guy av Lusignan
Raymond av Tripoli
Saladin
Styrkar
ca. 22 000 30–35 000
Tap
ca. 17 000 ukjent

Slaget ved Hattin var eit sentralt slag under krosstoga. Det fann stad i perioden mellom det andre og tredje krosstoget, og den muslimske sigeren la vegen open for Saladin si erobring av kongedømet Jerusalem, som i sin tur førte til det tredje krodstoget.

Slaga stod rundt 8,5 km vest for byen Tiberias i dagens Israel, i eit pass ved ein utdøydd vulkan kjend som Hattins horn. Staden ligg mellom Tiberias og vegen mellom Akko og dei vestlege delane av Det heilage landet.

Saladin hadde teke Tiberias 2. juli 1187 med ein mindre del av styrkane sine. Raymond III av Tripoli og Guy av Lusignan, som gjennom ekteskapet sitt med Sibylla var konge av Jerusalem, var i Acre med størsteparten av krossfararhæren, kring 1200 riddarar og opp mot 20 000 fotsoldatar. I tillegg hadde dei ei stor mengd leigesoldatar betalte av Henrik II av England. Raymond meinte at Saladin ynskte at krossfararane skulle dra frå Acre til Tiberias, og meinte at Sephoria ville vera ein god stad å møta ein tallessig overlegen styrke. Men Guy gav ordre om å marsjera mot Saladin straks. Saladin hadde ganske rett hadde håpt å møta riddarane i felt framfor å måtta kringsetja borgene deira.

Avmarsjen frå Sephoria tok til 3. juli, og hæren blei etter kort tid angripen av små muslimske kavaleriavdelingar. Saladin slutta seg til styrkane sine ved Cafarsett (Kfar Sabt) same dagen, og sende hæren sin for å møta dei utslitne krossfararane. Krossfararhæren var delt i tre, og den bakarste avdelinga måtte stoppa sidan ho var under konstant angrep. Dette sinka heile hæren, og soldatane blei gåande utan vatn ein heil dag. Dei måtte så slå leir midt på ei slette, omgjevne av den muslimske hæren. I løpet av natta tende styrkane til Saladin bål på alle kantar, noko som må ha svekka moralen i den kristne hæren ytterlegare.

Om morgonen 4. juli braut krossfararane opp og gjekk mot kjeldene ved Hattin. Saladin blokkerte vegen, og angreip slik at dei kristne styrkane ikkje kunne trekkja seg tilbake. Raymond sende to angrepsbølgjer for å bryta gjennom, og blei avskoren i det andre angrepet og tvinga til retrett. Størsteparten av fotsoldatane til krossfararane deserterte ved å søkja tilflukt ved Hattins horn. Riddarane blei omringa, og utførte tre desperate angrep for å slå seg ut. Dei blei slått ned, og muslimane tok Guy, Raynald av Châtillon, Gerard de Ridefort og ei rekkje andre som fangar.

Saladin avretta personleg Raynald, noko han hadde lova tidlegare då Raynald angreip muslimske karavanar og pilegrimfølgje. Muslimane tok òg Den sanne krossen, som krossfararane hadde bore med seg i slaget. Dette er siste gong denne krossen opptrer i historia, og ein veit ikkje kva som skjedde med han etterpå. Rundt 3000 krossfararar kom seg unna; resten blei tekne til fange eller drepne. Riddarar blei anten frigjevne mot løysepengar eller avretta. Andre blei frigjevne mot løysepengar dersom dei hadde nokon som kunne betala for seg, eller dei blei selde som slavar.

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

Innan midten av september hadde Saladin tatt Acre, Nablus, Jaffa, Toron, Sidon, Beirut og Ashkelon. Han tok så Jerusalem den 2. oktober.

Nyhenda om slaget, som var ein katastrofe for den kristne verda, førte til at det blei sett igang førebuingar for det tredje krosstoget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Herde: «Die Kämpfe bei den Hörnern von Hittin und der Untergang des Kreuzritterheeres (3. und 4. Juli 1187). Eine historisch-topographische Untersuchung.» I: Römische Quartalschrift. Band 66, 1966, s. 1–51.
  • Martin Hoch: «Hattin, Battle of (1187)». I: Alan V. Murray (utg.): The Crusades. An Encyclopedia. 4 bind (gjennomløpende paginert). ABC-CLIO, Santa Barbara 2006, s. 559–561.
  • Benjamin Z. Kedar (utg.): The Horns of Hattin. Jerusalem, London 1992.
  • Christopher Tyerman: God´s war. A new history of the crusades. Penguin, London o. a. 2007, s. 366ff.
  • Hans Eberhard Mayer: Geschichte der Kreuzzüge. 10. Auflage, Stuttgart 2005, s. 165-168.