Slaget i Hjørungavåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Slaget ved Hjørungavåg)

Slaget i Hjørungavåg stod mest truleg vinteren 985/986, i ein våg på Søre Sunnmøre, mellom ein dansk hærflåte og ein norsk leidangflåte under leiing av Håkon jarl den mektige. Slaget blir oftast, noko misvisande, kalla «Jomsvikingslaget».

Dei norrøne kjeldene[endre | endre wikiteksten]

Slaget har fått brei omtale i dei norrøne sogene, mest utførleg i Heimskringla, i soga om Olav Tryggvason[1], i Fagerskinna[2] og i Flatøyboka[3]. Det finst ei eiga soge om Jomsvikingane[4] og slaget er òg omtala av Saxo Grammaticus i det latinske historieverket Gesta Danorum (under bolken om Harald Blåtann). Dei to sogene «Ågrip» og «Historia Norwegiae»[5] nemner ikkje slaget i det heile.

Biskop Bjarne Kolbeinsson (biskop på Orknøyane) skreiv diktet Jomsvikingdråpa og Torkjell Gislason skreiv Buadråpa om slaget. Desse dikta, og alle kjeldene ovanfor vart skrivne 200 år og meir, etter at slaget stod. Det meste er utforma som prosadikting og opplysningane er særs usikre som historiske kjelder. I alle forteljingane blir den danske flåten omtala som «jomsvikingar» frå «Jomsborg».

Det er etter måten eit stort tilfang av samtidige skaldevers som nemner slaget:

Belgskakadråpa[6] av Tord Kolbeinsson – truleg frå år 1007
Vellekla[7] og ei lausavise[8] av Einar Skålaglam Helgason (han levde på slutten av 900-talet)
Håkonardråpa[9] av Tind Hallkjellsson (han levde i tida ca 950-1015)
Lausavise[10] av Vagn Åkesson (han var med i slaget)
Eiriksdråpa[11] av Tord Kolbeinsson (han var fødd omkring 974)
Lausavise[12] av Torleif Skuma Torkjellsson (han døydde truleg rett etter slaget)
Dikt om Håkon jarl[13] Vigfus Viga-Glumsson (han levde i tida ca 955-1015)

Alle desse dikta var gjort av skaldar som levde på den tida, og til dels var til stades i slaget. Det er verd å merke seg at ikkje i nokon av dikta er nemninga «joms» nytta i det heile, men derimot skreiv dei om danske hærmenn. De første skalden som nytta ordet «joms» (jomi) i tydinga Jomsborg eller jomsviking, var Arnor jarlaskald som levde i tida ca 1012-1075.

Det er òg verd å merke seg inskrifta på Harald Blåtanns gullskive (The Curmsun disc[14]), som vart funne i 1841, men granska og gjort kjent først i 2014. Ein reknar med at gullskiva vart laga på den tida då Harald Gormsson (Blåtann) var konge i Danmark (ca 958-987). Inskrifta inneheld namnet JVMN - som er å forstå som staden: JUMNE. Dette samsvarer med namnet som vart nytta av Adam av Bremen i «Beretningen om Hamburg stift»[15], som vart fullført omkring år 1075.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Håkon jarl den mektige var i 960-åra i stendige feidar med Gunnhildssønene, sønene etter Eirik Blodøks, og frå kongesogene forstår vi at han til sist måte rømme frå landet og fekk tilhald hos kong Harald Blåtann i Danmark. Omkring 970 fekk han hjelp av danskekongen til å vinne over og drepe den argaste fienden sin, Harald Gråfell (slaget i Hals i Limfjorden), men han måtte samstundes akseptere at han vart undersåtten til kong Harald Blåtann. Kanskje var det på denne bakgrunnen at Harald Blåtann let setje opp bautasteinane som blir kalla «Jellingsteinane»[16], ved byen Jelling i Danmark. Runeinnskrifta på den største steinen er blitt tyda slik: «Kong Harald baud gjera desse kumler etter Gorm far sin og etter Tyre mor si, den Harald som vann seg heile Danmark og Noreg».

I 974 vart Håkon jarl kalla til Danmark for å hjelpe Harald Blåtann i striden mot keisar Otto II (slaget ved Danevirke), men etter den tida sa han seg fri frå dansk overherredøme. Harald Blåtann sende litt seinare ein stor hærstyrke til Noreg, men dei måtte returnere utan å møte nordmennene i kamp og Snorre skreiv om Håkon jarl at «han la ingen skatt til danekongen sidan».

Omkring 986 kom ein ny hærflåte mot Noreg, og føremålet var å straffe Håkon jarl og på nytt legge Noreg under dansk herredøme. Det er noko uvisst om det var Harald Blåtann, eller sonen hans Svein Tjugeskjegg, som sende flåten, men utan tvil var det ein dansk flåte. I Eiriksdråpa seier skalden: «slanke danske skeidar over havet kom» (glæheims skriðu mævar Dana skeiðar). I dråpa om Håkon jarl av Tind Hallkjellsson er det òg nemnt: «krigaren rydda danske skeidar» (hjaldrskýja lundr hrauð Dana skeiðar). Den einaste antydinga til at jomsvikingar var med i hæren, finn vi i diktet «Håkonardråpa» av Tind Hallkjellsson, der det er nemnt «Vendarane sitt følge» (Vinða sinni).

Frå dei same dikta forstår vi at Håkon jarl kalla ut leidangen[Note 1] for å møte fiendeflåten, og omkring årsskiftet 985/986 kom det til eit slag på ein våg som sogene kallar «Hjørungavåg» (Hjǫrungavág)[Note 2].

Dei ymse sogene gir oss detaljerte skildringar av slaget. Dialogane og mykje av innhaldet har liten verdi som historiske kjelder, men det kan sjå ut til at hovuddraga gir eit reelt inntrykk av utviklinga i slaget. Nokre av personane som er nemnde, til dømes Sigvalde jarl, Bue Digre og Vagn Åkesson, var truleg historiske personar då dei òg er nemnde og namngitt i mange av skaldeversa. Det er ikkje tvil om at den norske styrken, med Håkon jarl og Eirik jarl som dei fremste hovdingane, vann ein stor siger. Det kan heller ikkje vere tvil om at Håkon jarl gjennom denne sigeren sikra herredømet sitt over Noreg, og styrte deretter over det meste av riket som sjølvstendig herskar.

Om slaget i sogene[endre | endre wikiteksten]

Eirik jarl gir grid til Vagn og andre som vart tekne til fange, etter slaget. Teikning av Christian Krogh.
«Haglskura under slaget i Hjørungavåg». Illustrasjon av Halfdan Egedius.

I dei norrøne sogene byrjar forteljinga med gjestebodet i Danmark, der den eine etter den andre av jomsvikinghovdingane eggja kvarandre til å fare på hærferd til Noreg. Dei rusta ut ein stor flåte, Snorre nemner 60 skip og Jomsvikingsoga nemner 120 skip. Litt før jul stakk dei til sjøs og fór med hærskjold heile vegen nordetter langs med norskekysten, til dei kom til Herøy på Søre Sunnmøre. Dei drog inn til øya Hoð (Hareidlandet) og der tok dei til å leite etter Håkon jarl. Til sist rodde dei «innom øya» og der fann dei den norske flåten i ein våg som sogene kallar Hjørungavåg. På begge sider la dei då skipa saman i rad og der kom det til eit stort slag. Snorre nemner at nordmennene hadde ein flåte på 180 skip og Jomsvikingsoga nemner 360 skip.

Hovdingen for jomsvikinghæren var Sigvalde jarl og den norske flåten var leia av Håkon jarl og sønene hans, både Eirik, Svein og Erling er nemnt. Eirik jarl blir alle stader omtala som den mest dugande av dei og han førte skipet «Jarnbarden», truleg det same skipet han nytta seinare, i slaget ved Svolder.

Sogene skildrar med stor detaljrikdom korleis slaget utvikla seg, om Håkon jarl som ofra sonen sin, om Torgerd Hølgabrud som sende ein hagleling mot jomsvikingane, og om mannsleg og djerv strid, mann mot mann. Mange av hærmennene er nemnde med namn, mellom dei Bue Digre som kasta seg over bord med gullkistene sine og Sigvalde jarl som til sist flydde frå slaget med 25 skip. Slaget enda med siger for Håkon jarl og nordmennene, og 25 av skipa til jomsvikingane vart rydda. Skalden Tind Hallkjellson nemner dette i Håkonardråpa[9]:

áðr hjǫrmeiðar hrjóða
(hætting vas þat) mætti
(leiðar) langra skeiða
(liðs) halfan tøg þriðja.
.. før han
kunne rydde
av dei lange skeidar
fem og tjuge

Soga sluttar med skildringa av korleis dei bundne fangane vart drepne, heilt til Eirik jarl greip inn og gav grid til Vagn Åkesson og fleire andre. Snorre skriv at atten vart drepne og tolv fekk grid.

Slagstaden[endre | endre wikiteksten]

Kart over Sunnmøre med øya Hoð (Hareidlandet) i sentrum. Her er slagstaden markert på Liavågen ved Hareid.

Namnet på slagstaden (vågen) er ikkje nemnt i dei samtidige skaldedikta, først i dei seinare sogene får vi høyre om "Hjørungavåg". I desse sogene, særleg i Flatøyboka og Jomsvikingsoga, er det gitt særs detaljerte skildringar om korleis ein skulle kome til Hjørungavågen der slaget stod, og om sjølve vågen; om dei tre «steinane» (Hjørungane) i eller ved vågen, om øya Primsigd, om skjeret midt i vågen og at vågen skulle ha munningen mot vest. Men likevel har det ikkje vore mogeleg å påvise ein våg på Sunnmøre som heilt ut høver med opplysningane.

Presten Hans Strøm skreiv om slagstaden i boka Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør[17] som kom ut i 1766. Før den tida trudde ein at slaget måtte ha stått i Hjørundfjorden[Note 3], men Hans Strøm slo fast at Liavågen ved Hareid måtte ha vore den historiske Hjørungavåg (Hjǫrungavágr) og dei tre fludene ved munninga var dei tre «Hjørungane». I lang tid vart Hans Strøm sin konklusjon rekna som sanninga. 1. april 1897 vart det oppretta eit postkontor i Liavåg, og namnet vart då sett til «Hjørungavaag». Namnet på sjølve vågen vart deretter offisielt endra til Hjørungavåg og er i dag ukritisk nemnt i historiebøker og leksika som den mest sannsynlege slagstaden. Ved tusenårsjubileet i 1986 vart det jamvel reist eit monument til minne om slaget, plassert på Ovråneset i Hareid.

Lokaliseringa av slagstaden har seinare vore tema for eit mangfald av drøftingar i skrift og i tale, avisinnlegg og utgreiingar i bøker og publikasjonar, og gjennom tidene er ei mengd med alternative slagstader blitt lansert[Note 4]. Ein endeleg konklusjon på problemet er aldri blitt funne, og truleg vil berre eventuelle framtidige arkeologiske funn kunne gi eit fullgodt svar.

Mange historisk interesserte, naturleg nok mange frå Sunnmøre, men òg andre faghistorikarar, drøfta tidlegare i fullt alvor slagstaden, ut frå den slutninga at sogene verkeleg skildra ein konkret stad. Dei fleste har vel etter kvart kome fram til at namnet Hjǫrungavág kan ha vore eit poetisk, tillaga namn, utan referanse til eit verkeleg fjordnamn. I eit «dikt om Håkon (jarl)»[18] av Torleif Jarleskald Asgeirsson Raudfeldarson (ca 940-995) finn vi ei liknande poetisk omskriving (kenning); es at hjǫrrógi drógumk som tyder: «då vi drog til sverdkamp» (hjǫr tyder sverd og rógi tyder kiv eller strid). Første lekken, med suffikset –ung, i Hjörungavágr, kan omsetjast tilsvarande til «Sverdmann», og namnet kan då vere eit poetisk uttrykk for «vågen der sverdmennene kjempa».

Diskusjonen omkring plasseringa av Hjørungavåg-slaget er truleg for lengst uttømt, særleg etter at boka «Striden om stedet: Hjørungavåg-slaget i norsk historie og kulturdebatt» (sjå ref.) kom ut i 2006. I boka er det gjort ein grundig gjennomgang av alle dei ulike teoriane, der debattinnlegga og argumenta for og imot er referert.

Etter slaget[endre | endre wikiteksten]

Det er ikkje tvil om at vurderinga av den historiske verknaden av slaget, er blitt overskugga av dei fantasifulle skildringane og vinklinga til jomsvikingar. Truleg var elitekrigarar frå Jomsborg med i styrken, men i hovudsak var det likevel tale om ein dansk invasjonsflåte som skulle befeste danskekongen sitt herredøme over Noreg. Frå tidlegare, medan Eirikssønene styrte, hadde kong Harald Blåtann rekna seg som overkonge over Noreg, og han hadde sett inn Harald Gråfell og brørne hans som underkongar[Note 5]. Truleg var Harald Blåtann morbror deira og i det minste fosterfar til Harald Gråfell[Note 6].

Vi kan òg forstå Snorre slik at han rekna sigeren som avgjerande for at Noreg ikkje lenger var dominert av den danske kongen og han skreiv om stoda etter slaget: «Medan Håkon jarl rådde for Noreg, var det gode årringar i landet og god fred innanlands mellom bøndene». Håkon jarl den mektige var den første som herska sjølvstendig over det ein kan kalle eit samla Noreg (utanom nokre område i Vika) og i slaget på Hjørungavåg stadfesta han herredømet sitt. [Note 7]. Danskekongen gjorde i vikingtida aldri meir krav på kongsrett over Noreg.

Mellom faghistorikarar er haldninga i dag at det meste av skildringane omkring jomsvikingslaget truleg mest er dikt og eventyr. Ein har for lenge sidan slutta å diskutere slaget og ein er litt overberande med sunnmøringane fordi dei har lagt så stor innsats i å løyse ei gåte som ikkje kan løysast. Det blir likevel rekna med som nokså sikkert at slaget verkeleg fann stad, og at Håkon jarl fekk siger. Faghistorikarane vil gjerne tone ned betydninga av slaget og viser til at det ikkje endra hovudlinjene i norsk, politisk historie.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. I skaldedikta om slaget på Hjørungavåg er ordet «leidang» (leiðangr) nemnt for første gong i norrøne kjelder.
  2. Ordet «Hjørungavåg» er heller ikkje brukt i dei samtidige kjeldene, men var først nemnt i sogene og skaldeversa som vart skrivne 200 år seinare.
  3. Mag. Jonas Ramus plasserte i 1735 slaget i Hiøringefiord, dvs Hjørundfjorden.
  4. Det einaste som i grunnen er kome fram, er at Liavågen ved Hareid ikkje kan ha vore slagstaden; vågen er kort og godt for liten til å kunne ha hatt plass til to store hærflåtar, tilsaman på meir enn 240 skip. Ein konsekvens av dette, er at tilhengarane av dette alternativet har «tilpassa» sogeteksten slik at ein i dag ikkje talar om eit slag i eller på Hjørungavåg, men derimot: slaget ved Hjørungavåg.
  5. Det er eit paradoks når Harald Gråfell i norsk sogeskriving blir rekna som sjølvstendig konge, noko han i røynda ikkje var, medan Håkon jarl som var den første sjølvstendige herskaren, og til og med forsvarte riket sitt mot ein dansk invasjonsflåte, alltid blir omtala som «underlagt dansk styre».
  6. Dei fleste sogene opplyser at Gunnhild, mor til Eirikssønene, var dotter til hovdingen Ossur Tote frå Hålogaland. Historia Norwegiae (sjå ref.) angir at Harald Blåtann var bror til Gunnhild og i tillegg var han òg fosterfar til Harald Gråfell. Dette blir rekna for å vere meir pålitande, særleg fordi det gir ei logisk forklaring på den rollen Harald Blåtann spelte i den norske maktkampen.
  7. Adam av Bremen i «Beretningen om Hamburg stift» har ein omtale av Håkon jarl, der han m.a. skriv: «Denne Håkon var meget grusom. Han tilhørte Yngves ætt og nedstammet fra kjemper. Han var den første som tok kongemakta blant nordmenn, da de før var blitt styrt av høvdinger...»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Soga om Olav Tryggvason av Snorre, omsett av S. Schjött (1900)
  2. Fagrskinna av P.A.Munch og C.R.Unger 1847 (norrøn tekst)
  3. Flateyjarbok (første bind) Digitalarkivet
  4. Soga om Jomsvikingane Omsett av Albert Joleik (Samlaget 1931) - norrøn og nynorsk tekst.
  5. Den eldste Noregs-historia (Historia Norvegiae) omsett av Halvdan Koht (1921)
  6. BELGSKAKADRÁPA Arkivert 2012-10-05 ved Wayback Machine. av Tord Kolbeinsson (notendur.is)
  7. Vellekla Arkivert 2016-03-16 ved Wayback Machine. (vers 33) av Einar Skålaglam Skaldic Project
  8. Lausavise Arkivert 2016-08-11 ved Wayback Machine. av Einar Skålaglam Skaldic Project
  9. 9,0 9,1 Hákonardrápa Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. Skaldic Project
  10. Lausavise Arkivert 2016-08-11 ved Wayback Machine. av Vagn Åkesson (Skaldic Project)
  11. Eiríksdrápa Arkivert 2015-12-27 ved Wayback Machine. av Tord Kolbeinsson (Skaldic Project)
  12. Lausavise Arkivert 2016-08-11 ved Wayback Machine. av Torleif Skuma
  13. Dikt om Håkon jarl Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine. frå Skaldic Project
  14. The Curmsun Disc Arkivert 2017-06-08 ved Wayback Machine. Curmsun Research Project
  15. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, (Aschehoug 1993) t.d. i 2.bok, kap. 27
  16. The Runic Stones in Jelling Arkivert 2015-12-10 ved Wayback Machine. Fortidens Jelling
  17. Beskrivelse over Fogderiet Søndmør Anden Part s. 408, av Hans Strøm (1766)
  18. Dikt om Håkon jarl Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine. av Torleif Jarleskald Raudfeldarson (Skaldic Project)


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]