Slaget ved Hoyerswerda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget ved Hoyerswerda
Del av sjuårskrigen
Colored Print Battle of Minden 1785.jpeg
Dato 25. september 1759
Stad Flag of Saxony.svg Hoyerswerda i Sachsen
Resultat Avgjerande prøyssisk siger
Partar
Flagget til Preussen Preussen Flagget til Habsburgmonarkiet Austerrike
Kommandantar
Prins Henrik av Preussen General Wehla
Styrkar
? 3000
Tap
minimalt 600 døde
1800 fanga
Sjuårskrigen: Europa
MenorcaLobositzReichenbergPrahaKolínHastenbeckGross-JägersdorfMoysRochefortRossbachBreslauLeuthenRheinbergKrefeldDomstadtlCherbourgZorndorfSaint CastTornowLutterbergHochkirchBergenKayMindenKunersdorfHoyerswerdaFrisches HaffMaxenMeissenLandeshutKorbachEmsdorfWarburgLiegnitzKloster KampenTorgauVillinghausenKolbergWilhelmstahlBurkersdorfLutterbergAlmeidaKasselFreiberg

Slaget ved Hoyerswerda var eit mindre slag den 9. september 1759 under sjuårskrigen mellom prøyssiske og austerrikske styrkar. Etter det katastrofale prøyssiske nederlaget ved Kunersdorf i august, gjorde den vesle sigeren, i lag med sigeren i Korblitz fire dagar tidlegare av Friedrich August von Finck, utan tvil godt for den dårlege sjølvtilliten til Fredrik den store.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

I september 1759 skugga dei forskjellige armeane frå Preussen under Fredrik den store og prins Henrik, Austerrike under grev Leopold Joseph von Daun og Russland under Pjotr Saltykov kvarandre i Schlesien. Ved å krysse elva Oder fleire gonger i raskt tempo, klarte Fredrik å hindre russarane i å ta byane Glogau (i dag Głogów) og Breslau (i dag Wrocław), men klarte ikkje å få den avgjerande terrengfordelen han søkte for eit slag.

Samstundes prøvde von Daun å få heim den store sigeren i Kunersdorf då han fekk høyre om det flaue nederlaget til austerrikarane i Sachsen for ein prøyssisk arme som var tre gonger så liten. Han var no meir bestemt enn nokon gong på eit avgjerande slag og marsjerte styrkane sine til Görlitz og kom seg opp i høgda for å observere leiren til prins Henrik av Preussen, den næraste, høvande motstandaren hans. Von Daun ønskte å storme denne leiren tidleg morgonen etter, den 23. september.

Femtitimarsmarsjen[endre | endre wikiteksten]

Uheldigvis for von Daun hadde prins Henrik samstundes alt gjort planar om å forlate området. Laurdagskvelden den 22. september tok dei prøyssiske styrkane ned telta sine og marsjerte bort i det stille, og let berre vaktbål og ein symbolsk styrke vere att til å lage støy. Dei sette først avgarde mot Rothenburg (Oberlausitz) og kvilte her i tre timar, 30 km mot. Samstundes sprang austerrikarane framover og storma den tomme stillinga.

Speidarane til von Daun rapporterte at prøyssarane var på veg nordaustover mot Glogau. Han mistenkte ei felle og trekte seg tilbake til Bautzen, men prins Henrik var i røynda på veg vestover etter Rothenburg, til den saksiske landsbyen Klitten, 30 km mot vest. Etter ein ny tretimars pause følgde ein ny marsj på 30 km til området Hoyerswerda, der ein uvitande keisarstyrke på 3000 mann under general Wehla stod.

General Wehla hadde utmerkt seg i omleiringa av Dresden. Han sette styrkane sine i stilling ved Hoyerswerda som ein del av forsvarslinja for å hindre dei prøyssiske styrkane i Sachsen og Schlesien i å kome saman. Det viste seg etter kvart at dette virka usannsynleg fordi Fredrik den store var oppteken med russarane, medan prins Henrik såg ut til å vere på veg til broren i aust. Von Daun hadde faktisk skrive til Wehla nokre dagar i førevegen at det ikkje var noko fare for han på austflanken.

Ut av det blå[endre | endre wikiteksten]

Kart frå 1759 over Hoyerswerda . Slagstaden er avmerkt.

Det må derfor ha vore eit sjokk då den prøyssiske fortroppen under den sveitsiske general Lentulus, kom ut av skogen. Wehla samla det kroatiske regimentet sitt og sette opp artilleriet sitt, men ein godt innsikta prøyssisk kanonade pløgde gjennom korpset hans. Berre etter få minutt var austerrikarane i full flukt og generalen deira vart fanga. Seks hundre austerrikarar mista livet på slagmarka. Von Daun var no utan håp og vart tvungen til å vende vestover til Sachsen for å forsterke styrkane sine der, og late dei russiske allierte møte Fredrik aleine.

Thomas Carlyle skreiv i History of Friedrich II of Preussen (1858) at den prøyssiske marskvelden truleg var prins Henrik sitt smartaste trekk. Med denne vesle operasjonen overraska han Daun og øydela felttoget hans for dette året.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]