Slaget ved Lyndanisse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Lyndanisse. Flagget Dannebrog fell frå himmelen. Måleri av Christian August Lorentzen frå 1809.

Slaget ved Lyndanisse (òg kalla Volmerslaget eller Valdemarslaget) i det seinare Tallinn i Estland fann stad laurdag den 15. juni 1219. Kong Valdemar II Sejr av Danmark reiste til Estland med kring 1500 langskip i eit krosstog mot det danskane såg på som dei heidenske estarane. Flåtestyrka nådde nord-Estland i juni månad. Med på skipa var biskop Anders Sunesen og biskop Theoderik av Estland. I hæren var òg fleire av kongen sine vasallar: Tyskarar under grev Albert av Nordalbingien og vendarar under Vitslav I av Rügen.

Krossfararane slo seg ned ved Lyndanisse og byrja byggja ei borg, «Castrum Danorum», på estisk Taani-linn (seinare Tallinn), danskeborga. Under bygginga kom fleire estiske forhandlarar på vitjing for å trekka ut tida, medan dei samla ein hær.

Om kvelden den 15. juni 1219 gjekk estarane til åtak, etter at styrkane hadde ete sitt siste måltid for dagen. Åtaket skjedde frå fem sider, og krossfararane flykta til alle side. Biskop Theoderik vart drepen, av di ein trudde han var kongen. Alt såg ut til å enda i eit katastrofalt nederlag for krossfararane.

Vendarane var ikkje oppdaga av dei som gjekk til åtak. Vendarane gjekk til motåtak, og krossfararane samla seg. Estarane vart til slutt drivne på flukt.

Ei segn seier at i løpet av slaget skal det krossmerka flagget Dannebrog ha falle ned frå himmelen, noko som skal ha gjeve krossfararane større mot. Det må ha vore mange flagg og faner med kross med under dette krosstoget, så åtaket kan ha hatt ei johannitterfane framme. Ei slik fane er nokolunde lik flagget Dannebrog.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]