Slaget ved Matapan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om slaget i 1717. For slag i andre verdskrigen, sjå slaget ved Kapp Matapan.
Slaget ved Matapan
Del av den osmansk-venetianske krigen 1714-18
[[Fil::D. João V e a Batalha do Cabo Matapão (1717) - Domenico Duprà (MNAA).png|300px]]
Dato 19. juli 1717
Stad Nær Kapp Matapan, sør i Hellas
Resultat Taktisk kristen alliert siger
Strategisk uavgjort
Partar
 Det osmanske riket Flagget til Portugal Kongedømet Portugal
 Republikken Venezia
Flagget til Maltesarordenen Maltesarordenen
 Kyrkjestaten
Kommandantar
Kapudan Pasja Ibrahim Pasja Lopo Furtado de Mendonça, 1. greve av Rio Grande
Styrkar
52 skip
4 galeiar
33 skip
24 galeiar
2 andre
Tap
14 skip
Ukjend, men stort[1]
3 skip
1 824 døde og skadde[1]

[[

Portrtrett av King John V av Portugal alluding to the Battle of Cape Matapan

Slaget ved Matapan var eit sjøslag som fann stad 19. juli 1717 utanfor Kapp Matapan, i dag helst kalla Kapp Ténaro, ved kysten av Mánihalvøya sør i Hellas, mellom ein samla marinestyrke med Venezia, Portugal, Kyrkjestaten og Malta mot ein osmansk flåten, under Kapudan Pasja. Slaget var strategisk uavgjort, sjølv om osmanarane mista 14 skip og fleire hardt skadd, medan dei kristne allierte berre mista tre skip.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Dei 24 seglskipa til Diedo møtte dei 24 galeiane til Pisano og den maltesiske leiaren Belle Fontaine sine ni portugisisk-maltesiske skip nær Kapp Matapan den 2. juli. Etter å ha prøvd å finne ei fordelaktig stilling med omsyn til osmanarane i fleire verker, og stundom gått i land for å fylle vatn, reiste den allierte styrken til Marathonisi, inst i Matapanbukta, for å finne vatn. Dei hadde prøvd å kome seg til Sapienza men dei hadde motvind og tok sjansen på å verte fanga i bukta.

Trass i galeiane taua seglskipa sørover, var det ikkje nok galeiar, og den osmanske flåte med 52 seglskip, inkludert om lag 44 slagskip og fire galeiar, vart sett i sør, på vestsida av inngangen til bukta, den 19. juli. Med ein lett vind frå søraust tydde dette at osmanarane hadde fordelen. Diedo kunne ikkje segle vest for den osmanske flåten, og valde derfor å segle langsamt austover, til andre sida av bukta.

Flåten var delt i fire divisjonar. Diedo var i spissen, etterfølgd av nestkommanderande Correr. Den tredje eller bakre divisjonen vart kommandert av Dolfin. Og den fjerde eller allierte divisjonen vart kommandert av Belle Fontaine.

Ibrahim gjekk til åtak med seks skip på den bakre divisjonen kring 0600, medan resten av flåten hans gjekk fram og gjekk til å tak på fronten og senteret. Kring kl. 1200 var flåten på veg mot austsida av bukta, og kort tid etter at dei første skipa hadde snudd, snudde vinden mot søraust, slik at dei venetianske skipa no var i lovart i forhold til den osmanske flåten for første gong. Diado utnytta denne fordelen og gjekk til åtak på dei og det harde slaget heldt fram. Kring 1500 trekte den osmanske flåten seg attende, og segla mot Cervi-Cerigo-passasjen, medan dei allierte segla mot Kapp Matapan. Ingen av sidene ønskte å halde fram kampen.

Kvar av dei allierte statane gav sine skipe æra for det dei oppnådde.

Venetianarane mista eit slagskip som vart nytta som sjukehusskip og eit brannskip, samt at mange fartøy var hardt skadde. Dei fekk 223 drepne og 257 skadde mann. Den osmanske flåten mista 14 skip.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • História da Marinha de Portugal, Editora das Forças Armadas
  • Anderson, Roger Charles (1952). Naval wars in the Levant 1559-1853. University of Michigan Press. ISBN 1-57898-538-2. 
  • Lane, Frederic Chapin (1973). Venice, a Maritime Republic. JHU Press. ISBN 9780801814600. 
  1. 1,0 1,1 Lane (1973), s. 411