Hopp til innhald

Slaget ved Prestonpans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Battle of Prestonpans

Stad
Resultat
Kommandantar


Slaget ved Prestonpans, òg kjent som Slaget ved Gladsmuir, blei utkjempa 21. september 1745 i nærleiken av Prestonpans i East Lothian i Skottland. Det var den fyrste betydelege trefninga under Jakobittopprøret i 1745.

Jakobittar leidde av Karl Edvard Stuart, som kom heim frå eksil, sigra over ein regjeringshær under sir John Cope. Denne hadde uerfarne styrkar som braut saman i møte med eit høglendaråtak. Slaget varte under tretti minutt. Det gav eit stort løft til jakobittisk moral og etablerte opprøret som ei alvorleg trussel mot dei britiske styresmaktene.

Den austerrikske arvefølgjekrigen gjorde at mesteparten av britiske styrkar var i Flandern i byrjinga av 1745. Charles Edward Stuart sigla til Skottland i juli, og håpa å dra nytte av situasjonen.[1] Då han landa i Eriskay i Dei ytre Hebridane den 23. juli, rådde dei fleste han tok kontakt med han til å vende tilbake til Frankrike, men nokre blei til slutt overtalte til å støtta han.Dette galdt særleg Donald Cameron av Lochiel, som hadde leigefolk som utgjorde ein stor del av den jakobittiske styrken. Oppstanden blei formelt byrja ved Glenfinnan den 19. august.[1]

Sir John Cope, som var kommandant i Skotland, var ein dyktig soldat med mellom 3000 og 4000 soldatar under seg, men mange var uerfarne rekrutter. Han blei hindra av dårleg informasjon og råd, særleg frå markien av Tweeddale, ministeren for Skottland, som stadig undervurderte alvoret av opprøret.[2] Etter at ein hadde stadfesta kvar Charles heldt til, forlet Cope kavaleriet og artilleriet sitt i Stirling under Thomas Fowke og marsjerte til Corrieyairack Pass, som var det primære punktet for reise mellom Høglandet og Låglandet. Kontroll over passe ville gjera at Cope kunne blokkera ruta inn i Aus-Skottland, men han fann at høglendarane allereie hadde kontroll, og trekte seg tilbake til Inverness den 26. august.[3]

Dei jakobittiske måla var uklare før i september, då Cope fekk vita at dei brukte nettverket av militærvegar i Skottland til å gå mot Edinburgh. Han konkluderte med at den einaste måten å koma til byen først var sjøvegen, og soldatane hans blei lasta på skip ved Aberdeen. Dei byrja å gå i land ved i Dunbar den 17. september, men var for seine. Charles hadde kome inn i den skotske hovudstaden tidlegare den dagen, sjølv om Edinburgh Castle blei verande på britiske hender.[4]

Prestonpans; Cope's hær var opphavleg sett sørover med eit myrområde til framkant (merkt i blå) og så snudde seg austover, langs Tranent til Cockenzie Waggonway.

Cope fekk støtte frå Fowke og kavaleriet i Dunbar, og var trygg på at han var sterk nok til å slå ein dårleg rusta jakobittstyrke på under 2000.[5] Samstundes gav Karl ordre til styrkane sine om å flytta austover frå Edinburgh, og dei to styrkane kom i kontakt på ettermiddagen den 20. september. Cope sette opp styrkane sine i sør, med eit myrområde like framfor, parkmura som verna høgre flanke og kanoner bakom vollen til hestesporvognvegen mellom Tranent og Cockenzie, som kryssa slagfeltet.[6]

Restane etter Tranent to Cockenzie Waggonway