Slaget ved Solskjel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Slaget ved Solskjel er nemninga på den nest største trefninga under samlingsverket til Harald Hårfagre. Kjelda for slaget (eller slaga) er å finne i Soga om Harald Hårfagre, skriven av Snorre Sturlason. Solskjel er ei lita øy ved Stabblandet Tustna. Aure kommune Nordmøre.

Første slaget[endre | endre wikiteksten]

Snorre skildrar to slag ved Solskjel. Det første var mellom kong Harald og kongen over Mørafylke, Huntjov, og sonen hans, Solve Klove. Dei gjekk mot Harald saman med kongen av Romsdalen, Nokkve. Snorre skriv berre stutt at kong Harald vann dette slaget, og småkongane fall. Etter slaget vart Ragnvald Mørejarl sett til å rå for mørefylka og Romsdalen.

Andre slaget[endre | endre wikiteksten]

Året etter sette Harald ut frå Trondheim med ein stor flåte, og motmannen hans var framleis Solve Klove, som hadde «lege ute på herskip om vetteren», fortel Snorre. Solve hadde nytta tida til å herja på Nordmøre og drepe mange av mennene til kong Harald. Solve slog lag med frenden Arnvid og kongen i Fjordane, Audbjørn. Dei stemnde ut frå sør, og møtte flåten til Harald som kom frå nord, nett ved Solskjel.

Snorre skriv:

Kong Harald lagde skipe sitt mot skipe til kong Arnvid; dette slaget vart styggeleg kvast, og de fall mykje folk på båe sidur. Sistpå vart kong Harald so vill og galin, at han gjekk fram i rausni på skipe sitt, og stridde då so kvast, at alle frambyggine på skipe hans Arnvid drog seg atter-ut til masti, og sume fall. Kong Harald gjekk upp på skipe; då gav mennane til kong Arnvid seg på flugti, men han sjølv fall på skipe sitt. Der fall kong Audbjørn med, men Solve flydde...

Av heren til kong Harald fall Åsgaut og Åsbjørn, jarlane hans, og Grjotgard og Herlaug, sønine hans Håkon Ladejarl. Solve var sidan ein stor viking i lang tid og gjorde tidt stor skade på rike til kong Harald.

Slaget er viktig nok til at det er kvede om det av skalden Torbjørn Hornklove. Etter slaget hadde kong Harald styringa med dei nordvestre fylka i Noreg.