Slaget ved St. John's

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget ved St. John's
Del av Dronning Anne-krigen
Newfoundland1744.jpg
Detalj frå eit kart frå 1744 over det søraustlege Newfoundland. "S Johns" ligg til høgre for midten. Placentia (tidlegare Plaisance) ligg nær midten
Dato 1. januar 1709
Stad St. John's, Newfoundland
Resultat Fransk siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Mi'kmaq
Abenaki
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Kommandantar
Joseph de Monbeton de Brouillan de Saint-Ovide
Louis Denys de La Ronde
Thomas Lloyd #
George Vane #
Styrkar
164 menn
fregatten «Vénus»
80 soldatar
kring 400 kolonistar
Tap
3 drepne
11 skadde
480 militære og sivile fangar

Slaget ved St. John's var eit slag ved St. John's på Newfoundland der franskmennene erobra den britiske kolonien Newfoundland, den 21. desember 1708jul./ 1. januar 1709greg. under Dronning Anne-krigen. Ein blanda og brokete styrke på 164 menn leia av Joseph de Monbeton de Brouillan de Saint-Ovide, løytnant for Philippe Pastour de Costebelle, den franske guvernøren i Plaisance, klarte raskt å ta den britiske garnisonen i St. John's, og tok kring 500 fangar.

Costebelle, som hadde for få ressursar til å halde St. John's, øydela festningsverka og forlet staden i april 1709. Han vart seinare gjenerobra av britane. Dei franske koloniutpostane på Newfoundland vart fråreiste etter Frankrike avstod kontrollen over øya til Storbritannia i 1713 med freden i Utrecht. Dei fleste franske nybyggjarane vart flytta til Île-Royale, som i dag heiter Cape Breton Island.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 47°34′15″N 52°41′57″W