Slaget ved Steenkerque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Steenkerque
Del av niårskrigen
Dato August 3, 1692
Stad Steenkerque, i dagens Belgia
Resultat Fransk siger
Partar
 Frankrike[1]  England
Mal:Landdata Dei sameinte Nederalnda
 Danmark
 Skottland
Kommandantar
Flagget til Frankrike Duc de Luxembourg Flagget til England Flagget til Den nederlandske republikken Flagget til Skottland Vilhelm III av England og II av Skottland
Styrkar
80 000 80 000
Tap
8 000 drepne og skadde[2] 10 000 drepne og skadde[2]
Niårskrigen

Slaget ved Steenkerque vart utkjempa den 3. august 1692, som ein del av niårskrigen. Slaget vart ein siger for franskmennene under marskalk François-Henri de Montmorency, duc de Luxembourg mot ein samla engelsk-skotsk-nederlandsk-tysk arme under prins Vilhelm av Oranien. Slaget fann stad nær landsbyen Steenkerque i Dei sørlege Nederlanda, 50 km sørvest for Brussel. Steenkerque ligg i dag i Belgia i kommunen Braine-le-Comte.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene hadde klart målet sitt med å erobre Namur. Franskmennene, som ikkje ønskte slag, tok opp ei sterk forsvarsstilling i tråd med dei strategiske metodane på denne tida. Den franske armeen låg vendt mot nordvest med høgreflanken mot Zenne ved Steenkerque og venstreflanken mot Enghien. Dei meinte at fienden ikkje ville tore å gå til åtak på denne stillinga.

Vilhelm III hadde erstatta Waldeck som øvstkommanderande. Den allierte armeen hadde leir nær Halle. Dei allierte, som elles ville ha gjort slik den franske marskalken trudde, fekk eit høve til å gå til eit overaskingsåtak mot fienden. Vilhelm sette derfor armeen sin i rørsle ved daggry den 3. august og overraska franskmennene ved Steenkerque. Han villeia fienden ved å tvinge ein avslørt spion om å gje Luxemburg falske meldinga. På 1600-talet der eit av måla var så langt som mogeleg å unngå tap av menneskeliv og derfor unngå avgjerande slag, var ein stor siger over delar, om ikkje heile, den fiendtlege styrken ein taktisk ide for dei beste generalane.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den allierte fortroppen med infanteri og pionerar, under hertugen av Wurttemberg gjekk i det stille i stilling kring 0500, nær den franske leiren. Hovudarmeen til franskmennene var lenger bak og opp mot ein skog. For seint vart Luxemburg klar over det føreståande åtaket. Då kampen starta vart Luxemburg teken totalt på senga og kunne ikkje gjere stort anna enn å få dei næraste infanteristane og dragonane i kamp.

Uheldigvis for dei allierte vart marsjen til hovudarmeen dårleg styrt og verdifull tid gjekk tapt. Kl 0900 starta Wurttemberg den metodiske kanonaden mot fienden, medan han venta på støtte for å kunne rykke fram. Franskmennene arbeidde hardt for å opprette ei velorganisert linje der trugselen var størt. Den allierte hovudarmeen hadde marsjert i vanleg orden med ein del av kavaleriet i front og infanteriet etter, og til slutt den andre delen av kavaleriet bak. Då dei kom fram til slagmarka vart dei raskt fordel i infanteri og kavaleri, for slagmarka var berre høvande for infanteriet.

Berre nokre få allierte bataljonar hadde nådd fram til fortroppen då det verkelege åtaket starta 12.30. Sjølv om fortroppen alt hadde vore i kamp i ni timar og marsjen hadde gått over vanskeleg lende, tok åtaket deira det den første franske linja utan problem. Engelskmennene og danskane pressa på og den andre og tredje linja til det franske infanteriet gav etter. Luxembourg hissa derimot opp heile styrken om å knuse fienden.

Grev Solms gav ordre til kavaleriet han kommanderte om å rykke framover, men dei klarte berre så vidt å kome seg forbi dårlege vegar og det tunge lende, og blokkerte slik vegen for infanteriet. Somme engelske infanteristar såg seg lei på dette og braut ut av fronten og gjekk framom kavaleriet. Dette irriterte Solms så mykje at han ikkje ønskte å hjelpe fronten då dei bad om det. Det vart ikkje gjort noko forsøk på å ta det franske senteret og høgreflanken, som skunda seg regiment for regiment mot Steenkerque for å ta del i kampen. Då Vilhelm gav motordre om at infanteriet skulle gå framover og kavaleriet stoppe var det berre verre, og fortroppen gjekk no i stampe.

Etter kvart vart dei allierte drivne attende av franskmennene, som kjempa om kvart einaste steg dei tok framover. Då Vilhelm innsåg at åtaket var mislukka gav han ordre om ei generell tilbaketrekking, same veg som dei hadde gått inn. Den franske armeen som var i stor uorden og hadde lidd store tap, var ikkje i stand til å følgje etter dei allierte.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Over 8000 mann av dei 15 000 allierte soldatane som kom med i kampen vart anten drepne eller skadde. Franskmennene tapte om lag like mange mann. Soldatar frå denne tida stadfesta at Steenkirk var det hardaste slaget som vart utkjempa av infanteriet i denne krigen. Fem engelske regiment vart totalt utsletta. Kommandanten deira, general Hugh Mackay, vart òg drepen. John Cutts, var ein av dei få overlevande. Engelskmennene gav nederlendarane skulda for dei store tapa sine, som dei gjorde igjen 50 år seinare i slaget ved Fontenoy.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1911 Encyclopædia Britannica, 11th Edition, New York 1910, Vol.X, p.460: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner av Frankrike was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle...Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de France)."
  2. 2,0 2,1 Lynn: The Wars of Louis XIV 1667-1714, s. 227