Slaget ved Svolder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Svolder
Olav Tryggvasons saga - Eriks menn entrer Ormen lange - Halfdan Egedius.jpg
Mennene til Eirik går opp på Ormen lange.
Teikning av Halfdan Egedius (1899)
Dato 999 eller 1000
Stad Ukjend, truleg nær Rügen eller i Øresund
Krigsårsak Norsk åtak på Danmark
Resultat Norsk nederlag
Partar
Noreg Sverige, Danmark
Kommandantar
Olav Tryggvason Eirik Håkonsson Jarl
Olof Skötkonung
Svein Tjugeskjegg
Styrkar
Norsk hærflåte Allianse mellom Sverige, Danmark og ladejarlane
Tap
Olav Tryggvason fall (drukna) Ukjend

Slaget ved Svolder er rekna å ha funne stad den 9. september eller 1. desember år 1000. Slaget stod mellom danskar (under Svein Tjugeskjegg), svenskar (under Olof Skötkonung, på norsk Olav svenske) og nordmenn (under kong Olav Tryggvason). Norske Eirik Håkonsson Jarl var med og kjempa mot kong Olav.

Norrøne kjelder[endre | endre wikiteksten]

Skildringa av slaget ved Svolder har fått stor plass i dei norrøne sogene, mest detaljert i Heimskringla i sogene om Olav Trygvason, i Fagerskinna og i krønika til Saxo Grammaticus[1], men endå om dei er godt skrivne, det meste er å rekne for prosadikting og har dermed liten verdi som historiske kjelder. Forteljinga om heimefylgjet frå Vendland er lite truverdig, like eins at slaget skuldast at Sigrid Storråde var hatig på Olav Tryggvason fordi han hadde slege ho i andletet med ein hanske.

Referansane til ein gamal og heiden «kong Burislav» i Vendland, er særs tvilsame; han som herska i Vendland (Polen) på den tida, var hertug Boleslaw (Bolesław I Chrobry)[2]. Han var ein kristen fyrste og var om lag 26 år gamal då han i 992 tok over riket etter far sin, hertug Mieszko I av Polen.

Bakgrunn for slaget[endre | endre wikiteksten]

Slik vi kan lese i dei norrøne sogene som er nemnde ovanfor, blir slaget oftast framstilt som eit privat oppgjer mellom dei involverte stormennene og heile soga om Svolderslaget blir flytta til privatsfæren, og dermed mest å rekne for ein roman. Det er likevel meir truleg at den verkelege bakgrunnen til konflikta var beinhard storpolitikk, der striden stod om herredømet over dei Skandinaviske landa og England.

Kong Svein Tjugeskjegg hadde omkring 994 herja i England, ei tid saman med vikingkongen Olav Tryggvason. I den angelsaksiske krønika er det opplyst at Olav det året gjekk i teneste hos den engelske kong Ethelred. Ein avtale vart gjort og Olav fekk «kongelege gåver», og intensjonen til kong Ethelred var truleg å splitte opp vikinghæren som herja i landet hans. Kanskje var det òg hans strategi at Olav skulle erobre Noreg (som han gjorde i 995) og deretter gå til krig mot Danmark for å bli ein trusel mot kong Svein sine hærstyrkar frå «baksida».[3] Ikkje lenge etterpå, truleg alt i 995, forlet kong Svein England og drog attende til Danmark. Alt tyder på at han nokså snøgt fekk att herredømet over riket og at ein allianse vart etablert mellom kong Svein, kong Olof Skötkonung i Sverige og Eirik Håkonsson jarl (og truleg Svein Håkonsson jarl).

Tidleg på våren i året 999 eller 1000 vart det kjent at Olav Tryggvason hadde kalla ut leidangen og var i ferd med å ruste ut ein stor flåte, og ein gong ut på sumaren drog han sørover mot Danmark. Adam av Bremen skreiv i si «beretning»[4] (kap.40) at kong Olav «gjekk til krig mot danskekongen».

Lokalisering av slagstaden[endre | endre wikiteksten]

Dei allierte hovdingane ser etter flåten til Olav Tryggvason - kanskje ved utløpet av vågen «Svolder»?

Kvar helst slaget stod, er ikkje kjent i dag, og dei norrøne kjeldene gir særs ulike opplysningar om lokaliseringa av slagstaden:

Kyrkjehistorikaren Adam av Bremen[4] (kap.40) skreiv at «slaget stod mellom Skåne og Sjælland»

I sogeverket Ågrip[5] er det sagt at slaget stod ved Sjælland.

I Fagerskinna[6] (kap.73) blir det sagt at dei samla seg ved ein holme ved Vendland, som heitte Svolder.
Snorre skriv i soga om Olav Tryggvason[7] at «dei ville vente på kong Olav ved ei øy som heiter Svolder».
Tjodrek Munk (Theodoricus monachus)[8] skriv i «Soga om dei gamle norske kongane» at slaget «stod ved den øya som heiter Svolder og som ligg nær Slavarlandet»

Mange har gjennom tidene har freista å påvise kvar helst slaget ved Svolder stod, men ingen har makta å legge fram overtydane prov for ei sikker lokalisering av staden.

Det er ikkje tvil om at namnet på staden var Svolder (Svǫlðr) og kanskje var det ei øy. Men skalden Skule Torsteinsson nemner i «Dikt om Svolder»[9] at slaget stod «sydpå ved Svolders munning» (sunnr fyr Svǫlðrar mynni). Han var skald hos Eirik jarl og var stamnbu på skipet hans, Jarnbarden, under slaget, og han må reknast som eit særs truverdig vitne. Etter ordlyden i diktet skulle ein då tru at Svolder var namnet på ein fjord, ein våg eller ei elv. Detter høver òg med eit vers i diktet Noregs konungatal[10] (ca 1190) der vi finn denne formuleringa: «Der Olav fall, sidan kalla Svoldervåg» (es Óláfr fell, Svǫlðrarvág síðan kallat).

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Svolder
Måleri av Otto Sinding

Dei allierte kongane samla hærflåtane sine og skalden seier i diktet «Eiriksflokkr»[11] at Eirik jarl samla store styrkar frå Sverige og styrte sørover til kamp (sunnr helt gramr til gunnar). Dei norrøne sogene gir litt ulike opplysningar om størrelsen på hærflåtane; den norske flåten skal opphaveleg ha vore på 60 skip medan den allierte flåten kan ha vore mellom 80 og 139 skip.

Det kan tenkjast at Olav Tryggvason hadde rekna med støtte frå Jomsborg og fyrst Boleslaw (Burislav) i Vendland (Polen), men i røynda helst på grunn av at både jomsvikingane og den polske fyrsten hadde eit agg til kong Svein Tjugeskjegg (kong Svein hadde kort tid i førevegen sendt frå seg den polske kona si, Gunnhild (Świętosława), og ho hadde teke tilflukt hos bror sin, fyrst Boleslaw, som nokså sikkert var rasande over slik framferd). Men så hadde kong Olav misrekna seg; den norske leidangen ville ikkje vere med på eit hærtog utanom landegrensene og hærstyrkane frå Vendland drog seg undan før det kom til slag. Olav Tryggvason rådde til sist berre over ein sterkt redusert flåte; i diktet «Rekstefja»[12] av skalden Hallar-Steinn[13] er det nemnt at Olav Tryggvason hadde berre 11 skip.

Truleg ein gong tidleg på hausten kom det kom til eit sjøslag på den staden som vart kalla Svolder (Svǫlðr). I røynda var det truleg ikkje noko stort slag, men Snorre skriv at slaget vart ofseleg kvast, og mange fall. Dei norrøne sogene skildrar innleiinga til slaget, og sjølve slaget, med ein sterk «nasjonal» tendens og gir dei to nordmennene Olav Tryggvason og Eirik jarl ein sterkt overdriven heltestatus. Men det er likevel truleg at det heile enda med at nett dei to til sist møttes, mann til mann, og at kong Olav då såg seg overvunnen, veik undan og bykste på sjøen og drukna.

Skalden Halldor Ukristne var truleg med i hæren til Eirik jarl og han gjorde diktet «Eiriksflokkr»[11] om slaget, og der nemner han at «høgborda Barden» (borðmikinn Barða) la seg opp til sida på skipet til kong Olav, Ormen Lange (við Orm inn langa). Snorre skriv at Eirik jarl etter denne sigeren fekk skipet Ormen Lange og mykje hærfang, og om dette er det òg sagt slik i «Eiriksflokkr»[11]:

Hjálmfaldinn bar hilmi
hrings at miklu þingi,
skeiðr glæstu þá þjóðir,
þangat Ormr hinn langi.
En sunnr at gný gunnar
glaðr tók jarl við naðri,
áðr varð egg at rjóða
ættgóðr Hemings bróðir.
Sør til de store sverd-ting
såg dei Ormen lange
bera hjelmklædd gjæving
og gildt skipi prydde;
men i Gonduls gny
glad tok jarlen ved draken,
der eggjar i blod han bada,
bror ættgod åt Heming.

Det er litt merkeleg at ingen av dei norrøne kjeldene nemner noko om at ladejarlen Svein Håkonsson var med i slaget. Det er likevel særs truleg at han var med i hæren til den svenske kongen Olof Skötkonung.

Bogen som brast[endre | endre wikiteksten]

Ein sentral episode i slaget er Snorre si skildring av Einar Tambarskjelve som skaut med pil og boge mot Eirik jarl, og som sluttar med dei vidkjende orda: «For veik, for veik er kongens boge». Forteljinga har hatt stor påverkand på norsk historieskriving i nyare tid, og har vore med på å bygge opp under heltestatusen som Olav Tryggvason har fått i norsk historie. Det er likevel mykje som talar for at hendinga ikkje skjedde i slaget ved Svolder; og truleg kopierte Snorre forteljinga frå ei eldre Olav-soge (truleg ei av Snorre sine kjelder): Ólafs saga hins Helga[14]. Der finn vi ei skildring av slaget ved Nesjar, om Svein Håkonsson Ladejarl som kjempar saman med Einar Tambarskjelve som freistar å skyte Olav Haraldsson (den heilage), om bogen hans som hans brast då han emna på det tredje skotet, og denne ordvekslinga:

Då mælte jarlen: «Kva var det Einar, brast bogen din?»
Einar svara: «Ikkje brast bogen, heller heile Noreg or handa di»

Skildringa minner sjølvsagt sterkt om forteljinga frå slaget ved Svolder, og ein kan ikkje anna enn tru at Snorre har «flytta» både hendinga og Einar Tambarskjelve, og endra på samanhengen slik at Einar Tambarskjelve i slaget ved Svolder spela same rolla, men ein annan Olav var kongen og det var Eirik jarl som var målet for pileskota.

I røynda er det er lite truleg at trønderen Einar Tambarskjelve verkeleg var med i slaget ved Svolder. Etter sogeteksten måtte han ha vore fødd omkring 982 og han ville i så fall ha blitt særs gamal, omlag 70 år, då vi veit at han døydde omkring 1050. Ein reknar med at i vikingtida vart berre ein av 100 personar over 60 år! Eit anna moment er at Olav Tryggvason truleg ikkje fekk med seg så mange hærmenn frå Trøndelag. Hallfred Vandrædaskald dikta Erfidrápa[15] om Olav Tryggvason, og ei strofe i vers 1 kan omsetjast slik: Visst eg trur at verst han sakna våpenhjelp av trøndske drenger.

Tida etter år 1000[endre | endre wikiteksten]

Etter slaget ved Svolder vart det fred i norderlanda og ein høyrer ikkje om nokon ny krig før Olav Haraldsson erobra Noreg i slaget ved Nesjar i 1016. Alliansen mellom sigerherrane i slaget ser ut til å ha blitt halde ved lag, ikkje minst fordi det òg eksisterte sterke slektsband mellom dei; Eirik jarl var versonene til kong Svein, Svein jarl var verbror til kong Olof og kong Svein var formelt sett stykfar til kong Olof (han var gift med mor hans, Sigrid Storråde).

I Danmark hadde Svein Tjugeskjegg konsolidert si stilling som dansk konge og truleg byrja han straks førebuingane til eit nytt åtak på England; alt i 1003 samla han styrkane sine og la ut på ny hærferd.

Ladejarlane vende attende til Noreg, til det riket som far deira, Håkon jarl den mektige hadde rådd over fram til 995. Dei norrøne sogene, t.d. Soga om Olav Tryggvason og Fagerskinna, opplyser at Noreg etter slaget vart delt mellom dei tre sigerherrane (Svein jarl er heller ikkje nemnd her), men at kong Olof gav sin part i len til Svein jarl og kong Svein Tjugeskjegg gav sin part i len til Eirik jarl. For ettertida vart konsekvensen av desse opplysningane at styringstida til dei to ladejarlane ofte er blitt omtala som «underlagt dansk styre» [Note 1].

Sogeverket Ågrip[5] er truleg den eldste av alle dei norske kongesogene (nedskriva omkring 1190) og om stoda etter slaget blir det der berre nemnt at Svein og Eirik fekk Noreg etter slaget, og seinare, då Svein Tjugeskjegg var fallen ifrå, hadde «Eirik landet åleine». Skalden Tord Kolbeinsson seier i «Eiriksdråpa»[16]at «landet nord for Vega og sør til Agder, og enda lenger», vart «lagt under Eirik jarl».[Note 2]

I nyare historieskriving blir denne delinga av Noreg rekna som særs lite truverdig og oftast blir no Eirik jarl omtala som reell riksstyrar i Noreg i tida 1000-1015, men med tillegget «berre formelt underordna den danske kongen».[Note 3]

Kulturell påverknad[endre | endre wikiteksten]

Frimerke frå Færøyene med motiv frå slaget ved Svolder.

Slaget ved Svolder vart ståande som eit av dei mest berømte slag i vikingtida, ikkje minst på grunn av heltestatusen kong Olav Tryggvason fekk i dei norrøne sogene. Slaget gjorde òg at Eirik jarl vart kjend i heile Nord-Europa som ein mektig krigar, han som hadde vunne siger i dei to kvassaste slaga i vikingtida, slaget i Hjørungavåg og slaget ved Svolder.

Då den nasjonale patriotismen og tanken om eit nasjonalt sjølvstende vaks fram i Noreg i 1770-åra og seinare, var det mange kunstnarar som nytta motiv frå slaget ved Svolder for å få fram i lyset vår gamle, stolte historie. Johan Nordahl Brun skreiv skodespelet «Einar Thambeskjælver» og både Bjørnstjerne Bjørnson og Per Sivle gjorde dikt om Olav Trygvason med tema frå slaget. Slaget, slik det vart formidla i dei norrøne sogene, har i nyare tid inspirert kunstnarar innan musikk, biletkunst og litteratur, både i og utanfor Norden. Skipet «Ormen Lange» er blitt eit nasjonalsymbol og munnhell som «kva brast så høgt» er framleis i vanleg bruk. Både i Noreg og andre land er det blitt gitt ut frimerke og myntar til minne om slaget ved Svolder.

Eit kvad frå Færøyane, Ormurin Langi, handlar om slaget ved Svolder.

Det er lansert teoriar om at Olav Tryggvason overlevde slaget. Han skal ha vorte ein from mann og levd som munk i midtausten. Derifrå skal han ha sendt ei helsing til svogeren Erling Skjalgsson. I alle høve kom ikkje Olav attende til Noreg.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Noko merkverdig er det at det norske jarlestyret gjerne blir omtala som «underlagt den danske kongen» - aldri den svenske …..
  2. Snorre skriv òg om denne delinga at kong Svein gav Romerike og Hedmark til Eirik jarl (hann veitti Eiríki jarli Raumaríki ok Heiðmörk), men etter det ein veit frå seinare historieskriving, er det grunn til å tru at Eirik jarl no rådde for alle fylka rundt Oslo-fjorden, til og med Ranrike (nordre delen av Bohuslän).
  3. Dei to ladejarlane, Eirik og Svein, herska over Noreg med jarlsnamn, og ein ser ofte at dette blir sett synonymt med «kongens jarl», noko som er ei historisk mistolking (om jarletittelen, sjå: Håløygeætta).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Saxo Grammaticus Danmarks krønike (Om Svend Tveskjæg i 10. bok)
  2. Hertug Boleslaw vart konge i Polen først i 1025. Han var bror til kong Svein Tjugeskjegg si første kone, Gunnhild (Świętosława).
  3. M K Lawson (Longman 1993) Cnut: Danes in England in the Early Eleventh Century, s. 36 – The Medieval World. ISBN 0-582-05970-4.
  4. 4,0 4,1 Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift (Aschehoug 1993)
  5. 5,0 5,1 Ågrip or Noregs kongesoger av Gustav Indrebø, kap. 21 (Samlaget 1973)
  6. Fagrskinna av P.A.Munch og C.R.Unger 1847 (norrøn tekst)
  7. Soga om Olav Tryggvason (Heimskringla) av Snorre Sturlasson, omsetjing av S. Schjött (1900)
  8. Soga um dei gamle norske kongane (Tjodrek Munk) omsett av Eiliv Skard (1932)
  9. Dikt om Svolder av Skule Torsteinsson (Skaldic Project)
  10. Noregs Konungatal av ein ukjend skald, datert til ca 1190
  11. 11,0 11,1 11,2 Eiriksflokkr av Haldor Ukristne (Skaldic Project)
  12. Rekstefja av Hallar-Steinn (Skaldic Project)
  13. Skalden Hallar-Steinn levde på slutten av 1100-talet
  14. Olafs saga hins Helga m.a. kap. 27
  15. Skaldic Project Første verset av arveddråpa til Olav Tryggvasson, av Hallfred Vandrædaskald
  16. Eiriksdråpa av Tord Kolbeinsson (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]