Hopp til innhald

Slaget ved Trafalgar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Napoleonskrigane

Dato 21. oktober 1805
Stad Vest for Kapp Trafalgar
Resultat Britisk seier
Partar
 Storbritannia  Frankrike
Spanias flagg Spania
Kommandantar
Horatio Nelson Pierre Charles de Villeneuve
Styrkar
27 linjeskip 18 + 15 linjeskip
Tap
449 drepne
1 241 såra
22 linjeskip
4 408 døde
2 545 såra
William Turner: Slaget ved Trafalgar, 1806

Slaget ved Trafalgar den 21. oktober 1805 var eit sjøkrigsslag ved Kapp Trafalgar, litt vest om Gibraltarsundet, og vart utkjempa mellom Storbritannia på den eine sida og Frankrike og Spania på den andre sida, under det vert kalla den tredje koalisjonskrigen. Det innleia eit meir enn hundreårlangt britisk herredøme på verdshava. Indirekte førte slaget til Napoleons nederlag på dei europeiske slagmarkene.

Under slaget sigra Royal Navy, leia av viseadmiral Horatio Nelson, over den fransk-spanske armadaen, leia av den franske viseadmiralen Pierre Charles de Villeneuve. Villeneuve hadde fått i oppdrag av Napoleon å bryte bryte den britiske blokaden av hamna i Cádiz, slik at denne kunne få støtte under ein landgang i Sør-Italia.

Den fransk-spanske flåten leid eit frykteleg nederlag ved Trafalgar. Britane erobra eller øydela 20 fiendslege skip, mellom dei den eineståande «Santissima Trinidad», sjølve mista dei ikkje eit einaste kampskip. Nelson fall i slaget, men sigeren velta planane Napoleon hadde om ein invasjon av dei britiske øyane.