Slaktarfuglar
| Slaktarfuglar | |
Tasmankurrawong, Strepera fuliginosa Foto: KeresH | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Overorden: | Passerimorphae |
| Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
| Familie: | Artamidae |
| Underfamilie: | Slaktarfuglar Cracticinae |
Slaktarfuglar, Cracticinae, òg kjent som kråkevarslarar, er ein biologisk underfamilie innanfor svalestarefamilien, og dermed medlem av ordenen sporvefuglar, Passeriformes. Dette er kråkeliknande fuglar med sterk kroppsbygging, utbreidd i Australia inkludert Tasmania.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Fjørdrakta til desse fuglane er vanlegvis svart og kvit eller gråfarga. Nebbet er kraftig, ofte med ein liten nedbøygd krok i enden. Hos nokre artar finn ein markert kjønnsdimorfisme. Slaktarfuglar varierer i lengd frå 25 til 53 centimeter.
Slaktarfuglar er altetande og lever mest av insekt, små landlevande virveldyr, frukt og frø. Cracticus-artar, tar òg små pattedyr og fuglar som dei deler opp før dei et. Slaktarfuglar byggjer reir av kvister, tørt gras og små røter i forgreiningar på tre. Dei legg to til fem blågrøne, grågrøne eller brunflekkete egg som blir ruga i omtrent tjue dagar. Ungfuglane er flygedyktige etter fire veker i reiret. Den australske arten svartslaktarfugl, Cracticus quoyi, hekkar frå september til februar, dei andre australske artane hekkar frå august til desember.
Etter ein DNA-studie i 1985, la Sibley og Ahlquist framlegg om ein ny klade Cracticini[1] som samla slaktarfuglar og svalestarar i Artamidae.[2] Dette blei reflektert i IOC World Bird List frå og med 2025. Peltops-artane på Ny-Guinea var tidlegare plasserte saman med slaktarfuglar, men er no sin eigen underfamilie i svalestarefamilien.[3]
Artsoversyn
[endre | endre wikiteksten]Medlemmer av Cracticinae i rekkjefølgje etter AviList v2025:[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
- Slekt Strepera
- Austkurrawong, Strepera graculina, Pied Currawong, (Shaw, G, 1790), (LC)
- Tasmankurrawong, Strepera fuliginosa, Black Currawong, (Gould, J, 1837), (LC)
- Sotkurrawong, Strepera versicolor, Grey Currawong, (Latham, J, 1801), (LC)
- Slekt Melloria
- Svartslaktarfugl, Melloria quoyi, Black Butcherbird, (Lesson, RP; Garnot, P, 1827), (LC)
- Slekt Gymnorhina
- Plystreskjor, Gymnorhina tibicen, Australian Magpie, (Latham, J, 1801), (LC)
- Slekt Cracticus
- Svartryggslaktarfugl, Cracticus mentalis, Black-backed Butcherbird, Salvadori, AT; d'Albertis, LM, 1876, (LC)
- Gråryggslaktarfugl, Cracticus torquatus, Grey Butcherbird, (Latham, J, 1801), (LC)
- Sølvryggslaktarfugl, Cracticus argenteus, Silver-backed Butcherbird, Gould, J, 1841, (LC)
- Papuaslaktarfugl, Cracticus cassicus, Hooded Butcherbird, (Boddaert, P, 1783), (LC)
- Tagulaslaktarfugl, Cracticus louisiadensis, Tagula Butcherbird, Tristram, HB, 1889, (NT)
- Songslaktarfugl, Cracticus nigrogularis, Pied Butcherbird, (Gould, J, 1837), (LC)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Würgerkrähen» frå Wikipedia på tysk, den 25. november 2010
- Referansar
- ↑ Sibley CG, Ahlquist JE (1985). «The phylogeny and classification of Australo-Papuan passerine birds» (PDF). Emu. 85 (1): 1–14. doi:10.1071/MU9850001. Henta 2009-04-15.
- ↑ Christidis L, Boles WE (2008). Systematics and Taxonomy of Australian Birds. Canberra: CSIRO Publishing. s. 196. ISBN 9780643065116.
- 1 2 AviList Core Team. 2025. «AviList: The Global Avian Checklist, v2025». AviList: The Global Avian Checklist © 2025 by AviList Core Team is licensed under CC BY 4.0. doi:10.2173/avilist.v2025.
{{cite web}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link) - ↑ «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 26.10.2025.
{{cite web}}: Check date values in:|dato=(hjelp)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Kategori:Artamidae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Cracticinae – detaljert informasjon på Wikispecies