Slangestjerner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Slangestjerne)
Slangestjerner
Systematikk
Rekkje: Pigghudingar Echinodermata
Underrekkje: Asterozoa
Klasse: Slangestjerner Ophiuroidea
Gray, 1840

Slangestjerner (Ophiuroidea) er ei gruppe pigghudingar. Ho omfattar omkring 2100 arter[1] som gjerne lever på hard botn i mørkt djupt vann.

Slangestjerne

Slangestjernene manglar anus, og munnopninga har difor funksjon både som munn og anus. Slangestjerner har skiveforma lêraktig kropp med fem tynne lange fleksible armar med ledd som er skarpt avgrensa frå den sentrale skivekroppen. I motsetnad til sjøstjerner, der kroppen kan seiast å delast inn i fleire delar etter armane, er midtpunktet til slangestjernene meir ein eigen lekamsdel.

Slangestjerner har ikkje sugeskiver på røyrføtene, og røyrføtene vert ikkje brukte til rørsle som hos sjøstjernene, men har sensoriske oppgåver og hjelper med matinnsamling. Dei kryp og klatrar rundt på botnen mellom steinar, korallar og algar ved hjelp av dei sterke rørlege armane, som hos nokre kan verte rulla inn mot munnsida.

Dei er stort sett særkjønna. Hos nokre arter ber eit hoindivid eit mindre hannindivid med seg. Nokre slangestjerner er likevel hermafrodittar. I mange tilfelle er det slik at yngelen vert fødd som ei form for larver som flyt rundt omkring.

Det finst kring 36 arter langs norskekysten.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sømme, Lauritz S. (24. januar 2023). «slangestjerner». Store norske leksikon (på norsk).