Slangestjerner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slangestjerner
Greenbrittlestar.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilateria
Infrarike: Deuterostomia
Rekkje: Pigghudingar Echinodermata
Underrekkje: Eleutherozoa
Overklasse: Asterozoa
Klasse: Slangestjerner Ophiuroidea
Gray, 1840

Slangestjerner (Ophiuroidea) er ei gruppe pigghudingar. Dei omfattar omkring 2000 arter som gjerne lever på hard botn i mørkt djupt vann.

Slangestjerne

Slangestjernene manglar anus, og munnopninga har difor funksjon både som munn og anus. Slangestjerner har skiveforma lêraktig kropp med fem tynne lange fleksible armar med ledd som er skarpt avgrensa frå den sentrale skivekroppen. I motsetnad til sjøstjerner, der kroppen kan seiast å delast inn i fleire delar etter armane, er midtpunktet til slangestjernene meir ein eigen lekamsdel.

Slangestjerner har ikkje sugeskiver på røyrføtene, og røyrføttne vert ikkje brukt til rørsle som hos sjøstjernene, men har sensoriske oppgåver og hjelper med matinnsamling. Dei kryp og klatrar rundt på botnen mellom steinar, korallar og algar ved hjelp av dei sterke rørlege armane, som hos nokre kan verte rulla inn mot munnsida.

Dei er stort sett særkjønna. Hos nokre arter ber eit hoindivid eit mindre hannindivid med seg. Nokre slangestjerner er likevel hermafrodittar. I mange tilfelle er det slik at yngelen vert fødd som ei form for larver som flyt rundt omkring.

Det finst kring 30 arter langs norskekysten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!