Slava Metreveli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slava Metreveli


Verkeleg namn Слава Калистратович Метревели, Slava Kalistratovitsj Metreveli
Statsborgarskap Sovjetunionen, Georgia
Fødd 30. mai 1936
Sotsji
Død

7. januar 1998 (61 år)
Tbilisi

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1970, VM i fotball 1966, VM i fotball 1962, EM i fotball 1960, EM i fotball 1964

Utmerkingar

Ærestegnets orden, Æresordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Slava Kalistratovitsj Metreveli (fødd 30. mai 1936 i Sotsji, død 7. januar 1998 i Tbilisi) var ein sovjetisk-georgisk fotballspelar fødd i Sotsji, ein av dei sentrale spelarane på Sovjetunionen sitt landslag som i 1960 vann den fyrste europameisterskapen i fotball.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Metreveli spelte i 1955-56 på Torpedo Gorkij. Frå hausten 1956 gjorde han teneste i topplaget Torpedo Moskva ut året 1962. Med laget frå Moskva var han med å ta dobbeltsiger i 1960 då det vart triumf både i serien og i cupen. Perioden 1963-71 spelte på Dinamo Tbilisi, med dette laget vart han sovjetisk seriemeister i 1964.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Høgrevengen Metreveli debuterte på landslaget til Sovjetunionen den 28. september 1958. Framfor 100 572 tilskodarar på Lenin stadion i Moskva skåra han det andre målet då heimelaget slo Ungarn 3-1 i ein EM-kvalifiseringskamp. 10. juli 1960 utlikna han under EM-finalen mot Jugoslavia i Paris til 1-1, eit oppgjer som etter ekstraomgangar enda med 2-1 til Sovjetunionen og landets største stund i fotballsoga. Sommaren 1961 skåra han eitt mål i begge EM-kvalifiseringskampane mot Noreg, etter tap 2-5 i Moskva måtte det norske mannskapet tole 0-3 på Ullevaal stadion. Sidan deltok Metreveli i Fotball-VM 1962 i Chile, men fekk ikkje plass på laget som spelte EM-finale i 1964. Derimot var han med i VM-troppa 1966 i England, og fekk spele i bronsekampen mot Portugal i London som enda med tap 1-2. Metreveli spelte sin 48. og siste landskamp våren 1970 borte mot Bulgaria. Han skåra i alt 11 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1960 med Sovjetunionen
  • Verdsmeisterskap: Nr 4 med Sovjetunionen i 1966
  • Sovjetisk seriemeister: 1960 med Torpedo Moskva og 1964 med Dinamo Tbilisi
  • Sovjetisk cupmeister: 1960 med Torpedo Moskva

Metreveli døydde i Tbilisi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

eu-football