Slavjankaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slavjanka
elv
Cast-iron Bridge.JPG
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 230 km²
Lengd 31 km
Munning Neva
Wikimedia Commons: Slavyanka River

Slavjanka (russisk Славя́нка) er ei elv i Leningrad oblast i Russland og ei av sideelvane til Neva frå venstre. Elva er 31 km lang og har eit nedslagsfelt på 230 km².

Slavjanka spring ut frå eit myrområde rundt 9 km sørvest for byen Pavlovsk, og renn nordaustover mot Pavlovsk, der ho renn gjennom parkane som ligg rundt det store Pavlovsk-palasset. Ho held fram mot nord og munnar ut i Neva i Rybatskoje-området i Sankt Petersburg. Ved munningen er elva om lag 1,5 meter djup. Slavjanka er ei typisk sletteelv som renn særs sakte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slavjankaelva