Slavko Goluža

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slavko Goluža


Statsborgarskap Kroatia
Fødd 17. september 1971 (52 år)
Stolac
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996

Slavko Goluža (fødd 17. september 1971) er ein kroatisk tidlegare handballspelar og seinare -trenar. Åra 1992-2005 deltok han i 204 av Kroatia sine landskampar, skåra 545 mål. Han var med på å verte olympisk meister i 1996 og 2004, samt verdsmeister i 2003. Goluža, som oftast hadde rolla som spelstyrar, sanka elles to VM-sølv og ei VM-bronse. Frå 2010 til 2015 var landslagssjef for Kroatia.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Goluža var aktiv i RK Zagreb frå 1989 til 1998 og 2004-06. Med dette laget vann han IHF-meistercupen i 1992 og 1993. Perioden 1999-2002 spelte han for RK Metković, eit lag som sigra i EHF-cupen i 2002. Heime vart RK Zagreb jugoslavisk seriemeister i 1991 og kroatisk seriemeister 1992-98 og 2005-06. Sesongen 2003/4 var Goluža aktiv i Veszprém KSE, eit lag som vart ungarsk dobbelmeister i 2004.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå og med europameisterskapen i 1994 til verdsmeisterskapen 2005 hevda Kroatia og Goluža seg heilt i toppen under dei internasjonale meisterskapsturineringane. I tur og orden vart det EM-bronse i 1994, VM-sølv i 1995, OL-gull 1996, VM-gull 2003, OL-gull 2004 og VM-sølv i 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]