Sledgersbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sledgersbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 71°26′S 162°48′E
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Sledgersbreen
71°25′0″ S 162°48′0″ E
Sledgersbreen is located in Antarktis
Sledgersbreen (Antarktis)

Sledgersbreen er ein lang sidebre i Bowers Mountains, som flyt nordvest frå Husky Pass og langs nordsida av Lanterman Range og ut i Rennickbreen mellom Carnes Crag og Mount Gow. Han vart namngjeven av den nordlege geolog-gruppa frå New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), 1963–64, som ein takk til alle sledemenn i Antarktis og dei vanskelege områda dei måtte gå til fots. Denne breen vart kryssa under vanskelege tilhøve av ei gruppe frå NZGSAE.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Sledgers Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).