Sleepwalker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Sleepwalker
Studioalbum av The Kinks
Utgjeve 12. februar 1977 (USA)[1]
26. februar 1977 (Storbritannia)
Innspelt 1. juli – 20. desember 1976
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 40:10
Selskap Arista
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi
Schoolboys in Disgrace
(1975)
Sleepwalker Misfits
(1978)
Singlar frå Sleepwalker
  1. «Sleepwalker»
    Utgjeve: 18. mars 1977
  2. «Juke Box Music»
    Utgjeve: 10. juni 1977

Sleepwalker er det 15. studioalbumet til den engelske rockegruppa The Kinks. Det kom ut i 1977. Albumet markerte ei retningsendring attende til meir beintfram rockesongar etter fleire år med konseptalbum. Det var det første albumet som musikkjournalistane vanlegvis kallar «arenarock»-fasen til gruppa, med meir kommersielle og vanlege produksjonsteknikkar. Albumet var òg det siste albumet deira med bassisten John Dalton, som slutta i bandet under innspelinga. Dalton spelar bass på alle songane utanom «Mr. Big Man».[2] Bandet brukte ikkje blåsarar eller korsongarar, slik dei hadde gjort på dei førre albuma. Albumet var det første dei gav ut på selskapet Arista.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter 1970 hadde The Kinks fått mindre og mindre suksess med utgjevingane deira, noko som kom av at bandleiaren Ray Davies gjekk tyngre inn i konseptalbum og ein meir teatralsk stil for bandet. Etter at bandet gav ut det meir rockeprega albumet Schoolboys in Disgrace i 1975, byta The Kinks selskap frå RCA Records til Clive Davis sitt Arista Records, og gjekk enno eit steg mot ein meir vanleg rockestil.[3]

Etter at bandet signerte kontrakt for Arista, byrja dei å planleggje det nye albumet. Like før albumet vart spelt inn vart studioet til bandet, Konk Studios utstyrt med ein ny 24-sporsopptakar.[3]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

I mai 1976 byrja bandet å øvre inn nye songar (opp til 30 nye songar) som Ray Davies hadde skrive, og dei spelte inn kring 20 av dei.[3] Av songar som ikkje kom med på albumet finn ein titlar som «Power of Gold», «Stagefright», «Restless» og «Elevator Man». Sistnemnde vart gjeven ut av Ray Davies i 1994 på EP-plata Waterloo Sunset '94.[3] I juli 1976 vart fleire av songane spelte inn (men dei fleste vart ikkje nytta), mellom andre albumsongane «Juke Box Music», «Life on the Road» og «Brother», «Hay Fever» og «In a Foreign Land» som begge kom ut på det framtidige Misfits, B-sidene «Prince of the Punks» og «Artificial Light» (B-sider til høvesvis «Father Christmas» og «A Rock 'n' Roll Fantasy»), og dei avviste «Back to 64 / Decade», «Lazy Day» og «The Poseur». Sistnemnde kom ut på CD-utgåva av albumet.[3]

I september vart det spelt inn fleire songar for albumet, inkludert «Full Moon», «Sleepwalker», «Sleepless Night» og «Life Goes On».[3] Songar som ikkje kom med på albumet var «Child Bride», «Everything Is Alright», «One Woman Man» og «On the Outside» (sistnemnde kom ut på både CD-utgåva av Sleepwalker og i ei nyinnspeling på Waterloo Sunset '94). I oktober vart det spelt inn nye versjonar av «Juke Box Music» og «Life on the Road», i tillegg til den nye «Stormy Sky».[4] Ein annan song for Misfits, «Black Messiah», vart òg spelt inn. På denne tida slutta bassisten John Dalton, som hadde spelt i bandet lenge, etter ynskje om å vere meir med familien.[5][6] Ekstra lydpor vart lagt til songane i resten av oktober og november.[5]

For å erstatte Dalton vart den tidlegare Blodwyn Pig-bassisten Andy Pyle henta inn i gruppa.[5] Bandet spelte så inn «Mr. Big Man» i desember, som erstatta «In a Foreign Land» på albumet.[5]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
Allmusic 3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[7]
Blender 2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[8]
Robert Christgau B−[9]
Rolling Stone (positiv)[10]

Sleepwalker kom ut i februar 1977 i både USA og Storbritannia. Det gjekk ikkje inn på albumlista i Storbritannia, men vart ein suksess USA, der det nådde 21. plassen på Billboard 200.[11] I mars kom tittelsporet ut på singel, med B-sida «Full Moon», og nådde 48. plassen i USA. Dette var den første singelen deira inne på Billboard Hot 100 sidan «Apeman» i 1970.[12] Oppfølgjaren, «Juke Box Music», gjekk ikkje inn på listene. Sjølv om Clive Davis hadde ønskt å få «Brother» ut på singel, som han samanlikna med Simon and Garfunkel sin «Bridge over Troubled Water», vart han aldri gjeven ut på singel.[3]

Albumet fekk generelt god kritikk, etter fleire av dei teatralske albuma deira hadde fått dårleg kritikk. Sleepwalker fekk positiv omtale av Billy Altman i Rolling Stone, som sa «The Kinks si framføring på Sleepwalker er lett det mest kraftfulle dei har gjort sidan 'Lola'.[11] I Storbritannia skreiv Allan Jones i Melody Maker at «Sleepwalker vitnar ettertrykkeleg om den dramatiske, kunstnariske tilbakekomsten til Raymond Douglas Davies, viss eineståande talent som låtskrivar så sørgjeleg har blitt oversett den første halvdelen av 70-åra. Albumet er verkeleg det sterkaste og mest organiserte albumet deira på fleire år.»[11] Giovanni Dadomo i Sounds var mindre positiv og sa «det er ikkje det flotte, nye albumet ein alltid håpar på.»[11]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ray Davies

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Life on the Road»   5:02
2. «Mr. Big Man»   3:49
3. «Sleepwalker»   4:04
4. «Brother»   5:28
Side to
# Tittel Lengd
1. «Juke Box Music»   5:32
2. «Sleepless Night»   3:18
3. «Stormy Sky»   3:58
4. «Full Moon»   3:52
5. «Life Goes On»   5:03

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Kinks
Teknisk
  • Roger Wake - lydteknikar
  • James Wedge - fotografi
  • Bob Heimall - design
  • John Dyer - kunstnarisk leiar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kinks - Sleepwalker». discogs.com. http://www.discogs.com/Kinks-Sleepwalker/release/387653. Henta 27. april 2018. 
  2. «Kinks - Sleepwalker (2007 Japanese reissue CD)». Discogs.com. http://www.discogs.com/Kinks-Sleepwalker/release/2287663. Henta 27. april 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Hinman 2004, s. 204.
  4. Hinman 2004, s. 204–206.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Hinman 2004, s. 206.
  6. Jovanovic 2014, s. 226.
  7. Erlewine, Stephen Thomas. SleepwalkerAllmusic. Henta 27. april 2018.
  8. Blender review Mal:Webarchive
  9. Christgau, Robert. «The Kinks». RobertChristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?id=1464. Henta 27. april 2018. 
  10. Altman, Bill (21. april 1977). «The Kinks: Sleepwalker». Rolling Stone (Straight Arrow) (RS 237). ISSN 0035-791X. Arkivert frå the original 30. november 2007. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Hinman 2004, s. 209.
  12. Hinman 2004, s. 210.