Slekta medusahovud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Medusahovud
Systematikk
Rekkje: Pigghudingar Echinodermata
Underrekkje: Asterozoa
Klasse: Slangestjerner Ophiuroidea
Orden: Phrynophiurida
Underorden: Euryalina
Familie: Gorgonocephalidae
Slekt: Medusahovud Gorgonocephalus
Leach, 1815

Medusahovud (Gorgonocephalus) er ei slekt av slangestjerner. Dei har sterkt greina armar, der alle dei fem armane til stjerna deler seg i to fleire gonger, ofte fleire fleire hundre gonger. Den samla omkrinsen av lekamen til medusahovudet kan verta over 50 centimeter. Namnet har slekta si frå Medusa i gresk mytologi, ei kvinne med levande ormar som hår.

I Noreg finst det fire artar av medusahovud. Dei lever på hard botn langs kysten frå Vestlandet til Trondheimsfjorden. Her finst dei ofte i samband med åttetalskorallar, særskilt sjøtre. Gorgonocephalus caputmedusa er den vanlegaste og har ei midskive på 90 millimeter med tettsitjande piggar. Gorgonocephalus arctica har ei arktisk utbreiing kring Svalbard og har færre piggar på midskiva.

Medusahovud lever av hoppekreps og andre planktoniske dyr i vatnet. Ved hjelp av tubeføter og flimmerhår vert maten ført inn til munnen på undersida av dyret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«medusahode» av Lauritz S. Sømme i Store norske leksikon, snl.no. Henta 4. februar 2023.