Siljan kommune

Koordinatar: 59°16′57.0″N 9°44′1.2″E / 59.282500°N 9.733667°E / 59.282500; 9.733667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Slemdal)
Siljan kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Telemark
Adm.senter Siljan
Areal 213,96 km²
 - land 202,79 km²
 - vatn 11,17 km²
Folketal 2 382  (1. januar 2024)
Målform Nøytral
Ordførar Elisabeth Hammer (KrF)
Kommunenr. 4010
Kart
Siljan kommune
59°17′51″N 9°42′23″E / 59.2975°N 9.706389°E / 59.2975; 9.706389
Wikimedia Commons: Siljan
Nettstad: https://www.siljan.kommune.no/

Siljan er ein kommune aust i Telemark fylke. Kommunen grensar i nord til Kongsberg, i aust mot Larvik, i sør mot Porsgrunn og i vest mot Skien.

Namnet «Siljan» skal vera knytt til trenamnet selje. Kommunevåpenet viser tre opprette sagblad i sølv mot ein grøn bakgrunn, og står for dei tradisjonelle næringsvegane sagbruk og tømmerfløting.

Siljan kyrkje
Foto: Trond Strandsberg

Kommunen har rundt 2 400 innbyggjarar, rudnt 900 av dei bur i administrasjonssenteret Siljan. Meir enn halvparten av arbeidstakarane i Siljan arbeider i nabokommunane Skien, Porsgrunn og Larvik.

Høgaste punkt i kommunen er Rådmannen, som måler 646 moh. Størsteparten av Siljanvassdraget med utløp i Farris ligg i Siljan. Vassdraget er bygd ut med tre vasskraftverk.

Det blir også drive jordbruk og skogbruk her. Konsernet Treschow-Fritzøe eig det meste av skogen.

Fylkesveg 32 mellom Eidanger og Lågendalen er ein del av vegsambandet mellom Skien og Oslo, og går gjennom sentrum av kommunen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°16′57.0″N 9°44′1.2″E / 59.282500°N 9.733667°E / 59.282500; 9.733667

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.