Slepvogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Slepevogn)
Ei toaksla slepvogn til lastebil.

Slepvogn er ein tilhengar som vert slepa etter si trekkvogn, som til dømes ein lastebil eller ein traktor. Slepvogn vert også omtala som «toaksla» eller oftare som «firehjulshengar». Dette tykkjest vera historisk betinga med ein aksling bakerst, og ein aksling montert under ei svingskive fremst på tilhengaren. Draget er festa til denne fremste akslingen og dermed svingar hengaren etter trekkvogna.

Slepvogner oppnår svært bra sporing (fylgjer i same spora som trekkvogna) når dei vert dregne av ei trekkvogn med stort overheng (avstand mellom bakre aksling og tilhengarkroken). Dei er samstundes mogleg å manøvrere svært smidig ved til dømes rygging, men grunna det ekstra leddet samanlikna med ei påhengsvogn, krev det litt meir trening å rygge med ei slepvogn.

Slepvogn nytta som lastebilhengar[endre | endre wikiteksten]

Vogntog med fireaksla slepvogn, med boggi både framme og bak, i Villmanstrand i Finland.
Finsk vogntog med femaksla slepvogn, med boggi framme og trippelboggi bak.

Slepvogner vert vanlegvis nytta som slep etter lastebil. Tilhengarane har då gjerne tre eller fire akslingar, men prinsippet er framleis aksling(ar) fremst og bakerst på tilhengaren.

I Noreg er det svært utbreidd med treaksla slepvogner. Tradisjonelt har det vore vanleg med ein enkelt aksling fremst, og (lang-)boggi bakst. I dag ser ein stadig fleire 3-aksla tilhengarar med boggi fremst og ein enkelt aksling bakst. Føremonnen med dette er å kunne laste gods direkte mot framveggen i skåpbilar utan å overbelaste den fremste akslingen. Samstundes gjev det mindre spenn mot bakken ved manøvrering i krappe svingar, noko som sparar underlag, dekk – og gjer hengaren lettare å trekke.

Fireaksla slepvogner består av boggi framme og bak, noko som tilseier ei tillaten totalmasse på 36 tonn (18+18). Den bakre boggien er iblant av typen «langboggi», noko som tilseier ei enno høgare tillaten totaltvekt på 38 tonn (18+10+10). Samstundes avgrensar norske reglar maksimal tillaten totalmasse for fireaksla slepvogner til 30 tonn[1]. Difor er det ikkje så populært å nytte slike tilhengarar i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er henta ut frå «Tilhengar», den 22. mars 2009.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]