Slinfah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slinfah
صلنفة
by
Land  Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Al-Haffah-distriktet
Nahiyah Slinfah
Høgd 1 130 moh.
Koordinatar 35°36′1″N 36°10′43″E
Folketal 1 847  (2004)
Grunnlagd 1929
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Slinfah
35°36′1″ N 36°10′43″ E

Slinfah (arabisk صلنفة, Ṣlenfah) er ein ferieby i Syria, grunnlagd i 1929, som administrativt høyrer til Al-Haffah-distriktet i Latakia guvernement. Han ligg 1130 meter over havet i An-Nusayriyahfjella, 50 km aust for Latakia. I følgje folketeljinga i 2004 har byen 1 847 innbyggjarar, og 19 518 innbyggjarar om ein tar med dei 25 kringliggande landsbyane i Slinfah nahiyah (nahiyah).[1] Innbyggjarar er hovudsakleg alawittar.[2]

Med mildt vêr om sommaren er Slinfah ein av dei mest populære turistdestinasjonane i Syria, både hos lokale og utlendingar. Byen har kalde vintrar med mykje snø.

Det høgaste punktet i Slinfah er toppen Profeten Yunis som ligg 1300 meter over havet. Det nærliggande Shooh-fjellet er dekt med 500 hektar furuskog. Den historiske Salah Ed-Din-borga ligg berre 13 km vest for Slinfah.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]