Slitu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slitu
stad
Blokk på Slitu ved E18
Land  Noreg
Fylke Viken
Kommune Indre Østfold
Areal 0,66 km²
Folketal 778  (2022)
Folketettleik 1 179 / km²
Preposisjon Slitu
Kart
Slitu
59°34′56″ N 11°15′45″ E

Slitu er ein tettstad i Indre Østfold kommune i Viken. Han har 778 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg halvvegs mellom Mysen i aust og Askim i vest langs E18. Staden har både industri, handel og jordbruk. Namnet kjem frå garden Slitu. Sjølve ordet Slitu tyder 'slette'.

Tenor kyrkjeruin på Slitu viser restar av ei lita mellomalderkyrkje frå 1200-talet. Kyrkja var eit anneks til Eidsberg kyrkje. Etter konserveringsarbeid blei anlegget offisielt opna med gudstjeneste og dåp i juni 2008.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Slitu landhandleri slik det såg ut på 1920-talet.
Foto: O. Skarbø via Nasjonalbiblioteket

Slitu var frå gammalt av eit viktig handelssentrum. Jernbanestasjonen her opna i 1882 langs Østre linje av Østfoldbanen.

Tettstaden låg i Eidsberg kommune og dels i Trøgstad kommune[1] i Østfold fram til regionsreforma i 2020.

Kjende folk frå Slitu[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tettsteders befolkning og areal», ssb.no (på norsk), 20. desember 2019, henta 4. mai 2020