Slodd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slodding.

Slodd er ein jordbruksreiskap som vert nytta for å jamna ein nypløydd åker og for å fjerna klumpar[1]. Dette vert gjort for å få ei jamnare overflate, som er lettare å arbeida med under såing og innhausting. Slodding vert etterfylgd av horving, før ein sår eller plantar.

Ein slodd er som oftast utført som ei stålramme med tverrgåande plankar som jamnar og knuser overflata.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. E. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 2. utg., 1974.