Slottsfjellet

Koordinatar: 59°16′18.998″N 10°24′15.800″E / 59.27194389°N 10.40438889°E / 59.27194389; 10.40438889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°16′18.998″N 10°24′15.800″E / 59.27194389°N 10.40438889°E / 59.27194389; 10.40438889

For musikkfestivalen Slottsfjell, sjå Slottsfjellfestivalen. For kulturminnet i Fredrikstad, sjå Slottsfjellet i Fredrikstad.
Slottsfjellet
fjell
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Kart
Slottsfjellet
59°16′19″N 10°24′14″E / 59.27196°N 10.40392°E / 59.27196; 10.40392
Wikimedia Commons: Slottsfjellet

Slottsfjellet er eit lite fjell i Tønsberg by i Vestfold fylke med ei høgd på 63 moh. Der finn ein ruinane av ei kyrkje og Tunsberghus festning frå mellomalderen, og dessutan Slottsfjelltårnet, landemerket i byen, reist til Tønsbergs 1000-års-jubileum i 1888. Ved foten av fjellet ligg Slottsfjellmuseet. Kvart år vert Slottsfjellfestivalen og Mellomalderfestivalen arrangert på Slottsfjellet.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Slottsfjellet i Tønsberg by i Vestfold ca. 1957. Fjellet med Slottsfjelltårnet er eit landemerke i byen.
Slottsfjellet 1953, med borgmuren og andre ruinar etter Tunsberghus festning

Slottsfjellet består av rombeporfyr som er ei dagbergart. Larvikitt er djupbergart og stammar frå same kammer i Oslofeltet. Det er fleire lag med ulik porfyr og sprekk i fjellet. Tønsbergitt er frå dei eldste djupbergartene i regionen og stammar frå same senter som Larvikitt og rombeporfyr. Tønsbergitt er brunleg/rødleg av farge.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Motivet i kommunevåpenet til Tønsberg er henta frå eit segl frå 1200-talet og skal minna om Slottsfjellet med borga og fjorden nedanfor.
Steintårnet på Slottsfjellet vart reist i 1888.

Slottsfjellet var tidlegare eit kongssete. Fjellet vart i mellomalderen lenge kalla Mikkelberg etter Sankt Mikaelskirken på fjellet.

Sidan 1870-talet har det vorte gjort fleire sprengningar i Slottsfjellet. I 1881 stod Slottsfjelltunnelen ferdig som Noregs lengste jarnbanetunnel då. Han vart seinare teke i bruk som vegtunnel. I tillegg er det tilfluktsrom og tilfluktsromsamband. Under andre verdskrig vart det òg sprengt ut rom i fjellet.

I samband med markeringa av tusenårsskiftet, vart Slottsfjellet valt til tusenårsstaden i Tønsberg kommune.

Tunsberghus festning[endre | endre wikiteksten]

Tunsberghus festning (Castrum Tunsbergis) på toppen av fjellet har truleg dominert byen og jordbruksområda rundt òg før 1100-taletbaglarane forskansa seg der under kringsetjinga av Kong Sverre og Birkebeinarane. Tunsberghus gjennomgjekk ein storstilt utbyggning i Håkon Håkonssons og Magnus Lagabøte si regjeringstid på 1200-talet. Festninga var residenssete for Tønsberg len til 1503, då han vart brent ned og ikkje bygd opp igjen. I dag er det berre låge ruinar igjen av anlegget på Slottsfjellet.

Slottsfjelltunnelen er ein kort vegtunnel på sjøsida av Slottsfjellet, mot Byfjorden. Han vart opphavleg opna som jarnbanetunnel i 1881.

Slottsfjelltårnet[endre | endre wikiteksten]

Tårnet på Slottsfjellet vart reist i 1888 på privat initiativ som eit minnesmerke i samband med Tønsberg by sitt tusenårsjubileum. Det er eit 17 meter (60 fot) høgt utkikstårn i stein og har ein enkel, rundbua nyrenessanse-stil som kan gje assosiasjonar til borgtårn frå mellomalderen.[1] Fasaden er dekorert med eit sitat frå Bjørnstjerne Bjørnson, innskriften «871-1871 Maa Byen som paa Tunet staar, faa blomstrar nye Tusind-aar», og kongesignaturane «Haakon R 1. august 1906», «Olav R 1. juli 1958» og «Harald R. 9. mars 1992». Slottsfjelltårnet var i bruk som Tønsberg museum frå 1894 til 1930.

Steintårnet erstatta eit utkikstårn av tre som Tønsberg Sjømannssamskipnad bygde i 1856 og som brann ned i 1874.[1]

Slottsfjellmuseet[endre | endre wikiteksten]

Kong Haakon og dronning Maud vitjar Slottsfjellet under kroningsferden etter kroninga i Nidarosdomen sommaren 1906. I bakgrunnen sest museumsvillaen på Slottsfjellet.

Slottsfjelltårnet står sentralt i museumsarbeidet i byen. Tårnet romma dei første utstillingane til Tønsberg Museum ved etableringa i 1894. Tårnet viste seg å vere upraktisk som utstillingslokale, og museet fekk snart utstillingar i ein villaliknande bygning. På 1900-talet vart Tønsberg Sjøfartsmuseum oppretta. I 1930-åra var plassproblema prekære for musea i byen. Vestfold Fylkesmuseum vart etablert i 1939 i samarbeid med bl.a. Vestfold Historielag. Tønsberg kommune stilte areal til disposisjon på Tallak nær oppunder Slottsfjellet, både til nye utstillingslokale og til eit friluftsmuseum. Vestfoldtunet vart bygd opp i 1950 og -60 åra. I 2008 skifta museet namn til Slottsfjellmuseet. Det er del av Vestfoldmuseene.

Museet formidlar, i utstillingane sine og ved guida turar, middelalderbyen Tønsbergs historie og Historia til slottsfjellet.

Slottsfjellfestivalen[endre | endre wikiteksten]

Kvar sommar vert Slottsfjellfestivalen arrangert, ein festival for rockemusikk, på fjellet og områda omkring. Biletet viser Belle & Sebastian på hovedscenen på Tallak 2010.

Slottsfjellfestivalen, eller eigenleg Slottsfjell Festival eller berre Slottsfjell, er ein rock- og popfestival som har vorte arrangert på Slottsfjellet og områda rundt kvar sommar sidan 2003. Ein serie rockefestivaler med same namn vart òg arrangert tidleg i 1980-åra.

Slottsfjell andre stadar[endre | endre wikiteksten]

Namnet Slottsfjellet er òg brukt om små fjell, åsar og knausar andre stadar i Noreg, mellom dei på ei øy utanfor Mandal, i Roan kommune i Nord-Trøndelag og om eit Slottsfjellet i Fredrikstad med ei jernalderborg som kulturminne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]