Slottsplassen

Koordinatar: 59°55′0.42600″N 10°43′41.801″E / 59.9167850000°N 10.72827806°E / 59.9167850000; 10.72827806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°55′0.42600″N 10°43′41.801″E / 59.9167850000°N 10.72827806°E / 59.9167850000; 10.72827806

Slottet og Slottsplassen.
Statuen på Slottsplassen som syner kong Karl Johan til hest.
Vaktstova attmed Slottsparken.

Slottsplassen i Oslo er den tilnærma trekanta, opne plassen framfor Det kongelege slottet. Plassen er avgrensa av fasaden på Slottet og av Slottsparken på dei andre sidene, og strekker seg som ein slags trekant ned til ein gangveg som går tvers gjennom Slottsparken mellom Wergelandsveien (i krysset med Holbergs gate) og Henrik Ibsens gate. Her går plassen over i Karl Johans gate.

Frå øvre parten av Slottsplassen går det ein køyreveg ned til Henrik Ibsens gate, og på sida av Slottet er det her er ein port inn til den inngjerda parten av Slottsparken som har namnet Dronningparken. På Slottsplassen, attmed denne porten til Dronningparken, står det ein statue i granitt av Dronning Maud, laga av Ada Madsen (1917- 2009), avduka av kong Olav V i 1959.

Vaktstova for den avdelinga av Hans Majestet Kongens Garde som har vakt ved Slottet ligg attmed Slottsplassen på nordsida, med inngangen mot plassen. Huset er bygd av tre i sveitserstil. Elles går det her gangvegar attmed slottet rett gjennom Slottsparken til Parkveien og diagonalt gjennom parken til krysset mellom Wergelandsveien og Parkveien, og til krysset mellom Uranienborgveien og Parkveien.

Slottsplassen ligg i helling frå Slottet nedetter mot Karl Johans gate, og er dekt med raud sand som i 2013 vart festa til den asfalterte flata med eit kunststoff for å hindre at regnskyll dreg sanden nedetter. På plassen er det bygd ein halvsirkelforma terrasse med balustrade ikring og ei brei trapp ned til arealet nedanfor. På denne terrassen, midt framfor Slottet, står ein ryttarstatue som syner kong Karl III Johan (1763-1844, regjerte frå 1818), som bilethoggaren Brynjulf Bergslien har utforma.

Namnet Slottsplassen skriv seg frå tida då arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow planla Slottet og plassen framfor det. Sjølv om namnet Slottsplassen har vore i vanleg bruk i alle åra deretter, vart ikkje namnet formelt vedteke før i 2012. Då vart adressa til Slottet endra frå å vere Henriks Ibsens gate 1 til å verte Slottsplassen 1 (postadressa er berre postnummeret: 0010 Oslo).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]