Slovjansk
| Slovjansk | |||
| Слов'янськ | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| oblast | Donetsk oblast | ||
| rajon | Slovjansk rajon | ||
| Koordinatar | 49°27′N 38°2′E / 49.450°N 38.033°E | ||
| Areal | 58,9 km² | ||
| Folketal | 39 000 (2026) | ||
| Folketettleik | 662 / km² | ||
| Grunnlagd | 1645 | ||
![]() Slovjansk 48°51′12″N 37°36′21″E / 48.85325°N 37.605888888889°E | |||
| Wikimedia Commons: Sloviansk | |||
| Nettstad: http://www.slavrada.gov.ua/ | |||
Slovjansk (ukrainsk Слов'янськ; russisk Славянск, Slavjansk) er ein by aust i Ukraina, og det administrative senteret i Slovjansk rajon (distrikt) i Donetsk oblast. Han vart grunnlagd i 1676.
I 2001 hadde Slovjansk eit folketal på 141 066. I stor grad på grunn av den pågåande krigen i Donbas hadde folketalet gått ned til 105 141 tidleg i 2022.[1] I 2026 hadde Slovjansk kring 39 000 innbyggjarar.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 1676 vart ei festning kalla Tor bygd ved samløpet mellom elvane Kazenyj Torets og Sukhyj Torets der dei dannar elva Toretselva, ei sideelv til Donets. Kort tid etter voks det opp ein by ved festninga.
Det ligg fleire saltsjøar nær byen, så byen vart ein saltprodusent. På 1500-talet var saltproduksjonen hovudnæringa, men utover på 1700-talet vart det for dyrt og industrien vart lagt ned i 1782.
I 1784 fekk byen namnet Slovjansk.
Før krigen i 2014 var byen ein viktig industri- og kurstad. Det fanst fleire spa her med gjørmebad frå saltsjøar i nærleiken. Etter å ha blitt skadde i 2014 blei nokre av kurstadane i byen reparerte og drivne til det braut ut aktiv konflikt att i 2022. I 2023 var ingen turistfasilitetari Slovjansk i drift.[3]
Byen har også fleire verksemder knytte til maskinteknikk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Sloviansk population in 2022».
- ↑ «Скільки людей залишається у Слов'янську | Новини», www.6262.com.ua, henta 12. juni 2026
- ↑ «Discover Ukraine». Henta 8. desember 2023.


