Slow Down World

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slow Down World
Studioalbum av Donovan
Utgjeve Mai 1976
Innspelt August 1975 – mars 1976
Studio A&M Studios i Los Angeles
Sjanger folk
Lengd 39:21
Selskap Epic
Produsent Donovan Leitch
Donovan-kronologi
7-Tease
(1974)
Slow Down World Donovan
(1977)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg link
Robert Christgau(C-) link

Slow Down World er det trettande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom ut i USA i mai 1976 og i Storbritannia den 4. juni 1976.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For dei førre albuma sine hadde Donovan hyrt populære plateprodusentar i håp om å selje bra - Mickie Most for Cosmic Wheels, Andrew Loog Oldham for Essence to Essence og Norbert Putnam for 7-Tease. Albuma gjorde derimot ikkje særleg bra og indikerte at populariteten til Donovan var dalande frå superstjernestatus i 1960-åra til ein langt mindre tilhengjarskare. Donovan valte derfor her å ta seg av desse tilhengjarane med å produsere albumet sjølv og skrive songar som var stikk strid med det som var populært på denne tida. Slow Down World inneheld nokre livlege songar, men dei fleste av dei har trøytte og resignerte tekstar.

To av songane på Slow Down World vart skriven av venen Derroll Adams. Derroll var inspirasjonskjelda til «Epistle to Derroll» på A Gift from a Flower to a Garden frå 1968. Donovan-hitten «There is a Mountain» har ein liknande tekst som «The Mountain», ein av Derroll Adams-songane som er spelt her.

Slow Down World nådde 174. plass i USA, like høgt som Essence to Essence men ikkje like høgt som det førre albumet 7-Tease. Slow Down World var det siste albumet til Donovan på Epic Records.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Dark-eyed Blue Jean Angel»    3:50
2. «Cryin' Shame»    4:29
3. «The Mountain»  Derroll Adams 3:32
4. «Children of the World»    3:22
5. «My Love Is True (Love Song)»  Adams 3:41
Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «A Well Known Has-Been»    7:25
7. «Black Widow»    5:44
8. «Slow Down World»    4:22
9. «Liberation Rag»    2:56

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]