Slowdive av Siouxsie and the Banshees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slowdive
Singel av Siouxsie and the Banshees
frå albumet A Kiss in the Dreamhouse
B-side «Cannibal Roses», «Obsession II»
Utgjeve 1. oktober 1982
Innspelt 1982
Sjanger Dancerock, post-punk
Lengd 3:42
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Susan Ballion, Peter Edward Clarke, John McGeoch og Steven Severin
Produsent Siouxsie and the Banshees
Siouxsie and the Banshees-kronologi
«Fireworks»
(1982)
Slowdive «Melt!»
(1982)


«Slowdive» er ein song av det engelske post-punk-bandet Siouxsie and the Banshees. Han kom ut i 1982 på Polydor som den første singelen frå det femte studioalbumet deira, A Kiss in the Dreamhouse.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Songen (og albumet) representerte ei meir utførleg og eksperimentell musikalsk retning for Siouxsie and the Banshees på denne tida. Overtonane på songen vart framheva av strykarar, inkludert fiolinar og ein cello. AllMusic skildra «Slowdive» som «ein fiolin-farga dance-song med ein fengande melodi».[1][2] The Guardian-skribenten Dave Simpson rekna songen som ei av dei beste innspelingane deira og sa at «det høyrest ut som lokket langsamt vert løfta av på ein trykkokar medan bandet trer fram frå det svarte og smetter frå spaning til sensualitet. Dei endra kurs igjen musikalsk òg, og byta frå grublande rock til psykedelisk pop».[3]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Slowdive» kom ut 1. oktober 1982 på Polydor. Songen klarte akkurat ikkje å nå topp 40 og nådde 41. plassen på UK Singles Chart.[4]

Songen kom òg ut på 12"-vinyl med ein lengre versjon. Denne versjonen kom ut som bonusspor på den ommastra utgåva av A Kiss in the Dreamhouse i 2009) og ein instrumental versjon av det tredje sporet på Dreamhouse, «Obsession», kalla «Obsession II».

Tittelen på songen inspirerte til namnet på bandet Slowdive tidleg i 1990-åra, noko dei stadfesta i intervju.[5][6]

«Slowdive» vart spelt av LCD Soundsystem i januar 2005 og gjeven ut som B-side til singelen deira «Disco Infiltrator».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel
Side A
Nr.TittelLengd
1.«Slowdive»3:42
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Cannibal Roses»4:30
12"-singel
Side A
Nr.TittelLengd
1.«Slowdive (Extended)»5:45
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Obsession II»3:53
2.«Cannibal Roses»4:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Siouxsie and the Banshees
Andre medverkande
  • Anne Stephenson – fiolin
  • Virginia Hewes – fiolin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cleary, David. «A Kiss in the Dreamhouse – Siouxsie and the Banshees | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 16. august 2020. 
  2. Mason, Stewart. «Slowdive – Siouxsie and the Banshees | Listen, Appearances, Song Review | AllMusic». AllMusic. Henta 7. juli 2015. 
  3. Simpson, Dave (29. oktober 2014). «Siouxsie and the Banshees: 10 of the best». The Guardian (London). Henta 15. november 2016. 
  4. «Siouxsie & the Banshees [uk charts]». officialcharts.com. Henta 12. august 2020. 
  5. Eisenhardt, Asa (1. august 2014). «WTSH interviews with Neil Halstead and Simon Scoot of Slowdive». When the sun hits. Henta 17. august 2020. 
  6. Strutt (24. februar 2014). «Slowdive interview». Pennyblackmusic.co.uk. Henta 17. august 2020.