Sly Stone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sly Stone
Sly and the Family Stone (cropped).jpg
Sly Stone med The Family Stone i 2007.
Fødd15. mars 1943 (77 år)
FødestadDenton i Texas i USA
FødenamnSylvester Stewart
OpphavUSA
AktivSidan 1952
SjangerFunk, psykedelisk soul, rock
InstrumentVokal, klaverinstrument, gitar, bassgitar, munnspel
Tilknytte artistarJoe Piazza and the Continentals, The Viscaynes, Sly and the Family Stone
PlateselskapEpic Records, Warner Bros., Cleopatra
Verka somSongar, låtskrivar, musikar, produsent

Sylvester Stewart (fødd 15. mars 1943), betre kjend under scenenamnet Sly Stone, er ein USA-amerikansk musikar, låtskrivar og plateprodusent. Han er mest kjend som frontmann i Sly and the Family Stone, som spelte ei viktig rolle i utviklinga av soul, funk, rock og psykedelia i 1960- og 1970-åra.[1]

Stone voks opp i California og meistra fleire instrument i tidleg alder, og spelte gospel som barn med syskena (og framtidige bandkollegaene) Freddie og Rose. I midten av 1960-åra arbeidde han både som plateprodusent for Autumn Records og DJ for radiostasjonen KSOL i San Francisco. I 1966 skipa Stone Sly & the Family Stone, som var blant dei første rasemessige integrerte gruppene i popmusikken med både mannlege og kvinnelege medlemmar. Gruppa fekk hittar som «Dance to the Music» (1968), «Everyday People» (1968), «Thank You (Falettinme Be Mice Elf Agin)» (1969) og «Family Affair» (1971) og kritikarroste album som Stand! (1969) og There's a Riot Goin' On (1971).

I midten av 1970-åra førte dopproblema og den ureknelege oppførselen hans til at gruppa vart oppløyst og han spelte inn ei rekkje, lite suksessrike soloalbum. I 1993 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av gruppa.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic – Sylvester «Sly Stone» Stewart
  2. «Sly and the Family Stone | The Rock and Roll Hall of Fame and Museum». Rockhall.com. 15. april 2013. Henta 19. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sly Stone

Offisiell nettstad