Smågnagarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Smågnagarar er ei samlekjenning for dei mindre artane gnagarar, som utgjer det store fleirtalet av artsmangfaldet i gruppa. Omgrepet er ikkje gyldig i biologisk systematikk sidan dyra det er snakk om ikkje naudvendigvis er i nærare slekt med kvarandre enn med andre gnagarar.

Nokre typar smågnagarar kan gå gjennom store skilnader i storleiken på bestanden, såkalla smågnagarsvingingar. Denne prosessen er særleg kjend i samband med lemen, der år med mange lemenar er kjend som «lemenår».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]