Hopp til innhald

Smågrønkurle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smågrønkurle

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. viridis
Vitskapleg namn
Dactylorhiza viridis ssp. viridis
(Linné) R.M.Bateman, Pridgeon & M.W.Chase
Økologi
Habitat: eng, myr, fjellskog
Utbreiing: Eurasia, Nord-Amerika

Smågrønkurle (Dactylorhiza viridis ssp. viridis) eller bakkegrønkurle er ei plantemarihandslekta Dactylorhizaorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]Norsk raudliste for artar er underarten vurdert som livskraftig (LC).[2]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken bruker prinsipielt separate namn på ulike taksonomiske nivå. Her har ein vald å bruke det innarbeidde namnet grønkurle på arten og gi eit nytt namn til nominatunderarten, som først fekk namnet bakkegrønkurle, seinare endra til smågrønkurle. Ingen av desse namna er så langt godt innarbeidde. Som oftast vil det vere denne underarten som er meint når ein bruker namnet grønkurle, og mange vel å omtale underarten som «vanleg grønkurle».[3]

Grønkurle var tidlegare plassert i slekta Coeloglossum med namnet Coeloglossum viride. Slektskapet til marihandslekta var så nært at ein i Noreg og Finland har vald å overføre grønkurle dit. I Sverige og Danmark har ein vald å halde på Coeloglossum-namnet.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Smågrønkurle er ein vanleg orkidé over det meste av landet med unntak av kyststrøka i sør. Han trivst på myr, eng og slåttemark, og han kan finnast i fjellskog og på grasmark høgt til fjells. Fjellplantene er monaleg mindre og har mykje mindre blomeaks enn låglandsplantene.[4]

Arten grønkurle, representert ved underarten smågrønkurle, finst òg i Sverige (status LC)[5] og i Finland (NT).[6] Det svenske namnet er vanlig grönkulla og det finske pussikämmekkä. I Danmark (dansk namn poselæbe) er han sist sett i 1950, og er rekna som regionalt utdøydd (RE).[7]

Arten grønkurle (engelsk namn frog orchid) veks spreidd over det meste av Dei britiske øyane, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[8] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU).[9] Lokalt er han sårbar (VU) i England og Skottland[10][11] og sterkt truga (EN) i Wales.[12] I Irland har han status som nær truga (NT).[13]

I Estland (estisk namn rohekas õõskeel) veks arten grønkurle spreidde stader på øyane og på fastlandet, men er i sterk tilbakegang og er no rekna som kritisk truga (CR).[14] I Latvia (latvisk namn zaļā dobziede)[15] er arten sjeldan og finst som einskildindivid og i små grupper på eng og i open skog. På den latviske raudlista er han klassifisert som sårbar (kategori 2 – retas sugas).[16] I Litauen (litauisk namn žalioji gegūnė) har arten vore funne spreidd over heile landet, men er i sterk tilbakegang og finst no mest i aust. Han er rekna som kritisk truga (CR).[17][18]

I Benelux er arten grønkurle (nederlandsk namn groene nachtorchis, fransk namn orchis grenouille) sjeldan og i tilbakegang i Nederland og er no berre å finne i Limburg. I Belgia er han svært sjeldan i kalkrike område i Flandern, men litt meir vanleg sør i Vallonia.[19][20] I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd),[21] I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern og sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia.[22][23] I Luxembourg er han rekna som kritisk truga (CR).[24]

Hybridar[endre | endre wikiteksten]

Hybridar mellom smågrønkurle og båe underartane av bleikmarihand er funne fleire stader i Noreg.[25] Hybriden med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × viridis ssp. viridis eller Dactylorhiza ×mixta)[26] er registrert i Sverige[27] og spreidd på Dei britiske øyane.[28] Hybriden med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × viridis ssp. viridis eller Dactylorhiza ×conigera)[29] er òg funne både i Sverige[30] og noko sjeldnare på Dei britiske øyane.[28]

Det er registrert eit funn av hybriden med lappmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. lapponica × viridis) i Troms.[25] Hybridar med purpurmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. purpurella × viridis ssp. viridis eller Dactylorhiza ×viridella)[31] er registrert i Irland og på Hebridane i Skottland.[28]

Smågrønkurle kan danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med grov nattfiol (Dactylorhiza viridis ssp. viridis × Platanthera chlorantha), registrert i Sverige.[32] På Dei britiske øyane er det òg funne ein intergenerisk hybrid med brudespore (Dactylorhiza viridis ssp. viridis × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia jacksonii).[33] Han er funnen spreidde stader i England.[28]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar smågrønkurle». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  2. «Raudlista: Bakkegrønkurle». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 24. februar 2022. 
  3. «Artsdatabanken: Namnetre smågrønkurle». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  4. «Artskart: Grønkurle, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022.  Ettersom smågrønkurle ofte vil vere registrert som grønkurle, er det kartet for arten som er vist. Andre underartar er registrerte med avvikande farge frå grønt.
  5. «Artfakta: Coeloglossum viride subsp. viride vanlig grönkulla». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  6. «LAJI: Coeloglossum viride». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  7. «Naturbasen: Poselæbe Coeloglossum viride». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  8. «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022. 
  9. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  10. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  11. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  12. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  13. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  14. «eElurikkus: Coeloglossum viride» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 3. februar 2023. 
  15. «Latvijas daba: zaļā dobziede» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 3. februar 2023. 
  16. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 3. februar 2023. 
  17. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 32-33. ISBN 9986-662-28-1. Henta 3. februar 2023. 
  18. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 403. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 3. februar 2023. 
  19. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza viridis». FLORON. Henta 16. januar 2024. 
  20. «Verspreidingskaart: Groene nachtorchis – Dactylorhiza viridis». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024. 
  21. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  22. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  23. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  24. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  25. 25,0 25,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193. 
  26. «PoWO: Dactylorhiza × mixta». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 
  27. «Artfakta: Coeloglossum viride × Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii grönkulla × skogsnycklar». Artdatabanken. Henta 28. januar 2023. 
  28. 28,0 28,1 28,2 28,3 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  29. «PoWO: Dactylorhiza × conigera». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 
  30. «Artfakta: Coeloglossum viride × Dactylorhiza maculata subsp. maculata grönkulla × Jungfru Marie nycklar». Artdatabanken. Henta 28. januar 2023. 
  31. «PoWO: Dactylorhiza × viridella». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 
  32. «Artfakta: Coeloglossum viride × Platanthera chlorantha grönkulla × grönvit nattviol». Artdatabanken. Henta 28. januar 2023. 
  33. «PoWO: ×Dactylodenia jacksonii». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]