Småkraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Småkraftverk er vasskraftverk med effekt mellom 1000 og 10 000 kW (Mellom 1 og 10 MW). Nemninga vert òg bruka som ei fellesnemning for kraftverk med effekt under 10 000 kW.

Kraftverk som omfattar oppdemming, senking av vasstanden og overføringar mellom vassdrag, og kraftverk som vil påverke alminneleg lågvassføring er avhengige av konsesjon frå NVE. For småkraftverk (kraftverk med effekt meir enn 1 MW) bør ein søkje om konsesjon utan først å gå vegen om vurdering av konsesjonsplikta.

Kraftverk med effekt mellom 100 og 1000 kW vert kalla minikraftverk.

Kraftverk med effekt under 100 kW vert kalla mikrokraftverk. Eit mikrokraftverk på 10 kW kan i løpet av eit år maksimalt gje ein produksjon på i overkant av 80 000 kWh, som teoretisk er nok til å dekkje forbruket på eit alminneleg stort gardsbruk. Sidan produkson og forbruk vil variere i ulik takt, må ein likevel rekne med å måtte kjøpe litt straum i periodar, medan ein sel i periodar med produksjonsoverskot.

Bakgrunnsstoff:[endre | endre wikiteksten]