Smånesle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Smånesle
Smånesle
Smånesle
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Neslefamilien Urticaceae
Slekt: Nesleslekta Urtica
Art: Smånesle U. urens
Vitskapleg namn
Urtica urens

Smånesle eller eiternesle (Urtica urens)[1] er ein eittårig plante i nesleslekta med «brennande» blad og stengel. Ho er ein av to nesleartar som veks i Noreg; den andre er stornesle.[2]

Planten har motsette, grovtagga blad og lysegrøne blomar som heng i knippe frå bladhjørna. Stengel og blad har brennhår som sprøyter ut ei giftig væske når den skjøre, glasaktige spissen blir broten av.[2]

Smånesle stammar frå Eurasia og er innført i Nord-Amerika[3] og på New Zealand. Ein finn gjerne smånesle i gartneri og kjøkkenhagar.[2]

Smånesle er kjent frå langt tilbake i historia. Fruktene av smånesle er funne i Osebergskipet. Albertus Magnus (1192–1280) oppgav at ho brann sterkare enn stornesle.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Art Urtica urens L.». Artsdatabanken. Henta 25. november 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «nesle» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. «Plants Profile for Urtica urens (dwarf nettle)». USDA PLANTS.