Hopp til innhald

Smøla kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Smøla)
Smøla kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Hopen
Areal 271,91 km²
   land 261,15 km²
   vatn 10,76 km²
Folketal 2 168  (1. januar 2025)
Målform nøytral
Ordførar Svein Roksvåg (Sp)
Kommunenr. 1573
Kart
Smøla kommune
63°24′07″N 8°01′45″E / 63.401944444444°N 8.0291666666667°E / 63.401944444444; 8.0291666666667
Kart som viser Smøla kommune.
Kart som viser Smøla kommune.
Kart som viser Smøla kommune.
Wikimedia Commons: Smøla
Nettstad: www.smola.kommune.no

Smøla er ein øykommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Over Ramsøyfjorden i aust ligg øya og kommunen Hitra, og over Edøyfjorden i sør ligg Aure og øya Tustna. Ein person frå Smøla blir kalla «smølaværing» eller «smølværing».

Kommunevåpenet frå 1989 viser to oppflygande sølvmåsar på raud bakgrunn.[1]

Kommunen er den nordlegaste på Nordmøre. Han ligg tre mil nord for Kristiansund.[2] Heile kommunen omfattar over 5 800 øyar, holmar og skjer. Den største øya, Fast-Smøla, dekkjer 214 km² av den totale flatevidda av kommunen på 275 km².[3]

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste næringane i kommunen er landbruk og fiske, men sørvisnæringane har hatt aukande omfang.[3] Smøla vart den fyrste store vindkraftkommunen med opninga av Smøla vindpark i i 2002. Smøla vindpark II vart opna i 2005.[2] Reiselivsnæringa har òg vorte viktig.[2]

KulisteinenKuløya er ein godt ivareteken runestein som nemner kristninga av Noreg, og er den eldste kjende skriftlege bruken av namnet «Noreg».[2]

Gamle Edøy kyrkjeEdøya vart bygd på 1100-talet.[2]

Ny Jord starta eit omfattande bureisingsfelt på Frostadheia på 1930-talet[4]

Befolkning

[endre | endre wikiteksten]

1. januar 2024 budde det 2159 personar i Smøla kommune. Av dei budde om lag 1650, om lag 75 %, på hovudøya Smøla. I 1900 budde berre 54 % av folket i den noverande kommunen på hovudøya. Då var det busetjing på over 50 småøyar i skjergarden rundt øya. Dei fleste av desse øyane er no fråflytta.


Folketalsutvikling for noverande Smøla kommune frå 1801
Befolkningsutvikling
År Bef. ±%
1801[5] 1 175
1.1.1874[6] 2 366 +101,4 %
1900[7] 3 642 +53,9 %
1.12.1920[8] 3 944 +8,3 %
1.12.1930[9] 4 258 +8,0 %
3.12.1946[9] 4 180 −1,8 %
1.1.1951[10][11][12] 3 996 −4,4 %
1.1.1961[10] 3 389 −15,2 %
1.1.1971[10] 3 081 −9,1 %
1.1.1981[10] 2 697 −12,5 %
1.1.1991[10] 2 407 −10,8 %
1.1.2001[10] 2 407 +0,0 %
1.1.2010[10] 2 143 −11,0 %
1.10.2021[13] 2 118 −1,2 %
Folketalsutvikling for øya Smøla (medrekna Jøa, Steinsøya, Tjønnøya, Hjellbergsøya, Rossvoll og Buøya)
Befolkningsutvikling
År Bef. ±%
1801[5] 582
1900[14] 1 947 +234,5 %
2000[15] 1 998 +2,6 %
2024[15] 1 781 −10,9 %

Kjende smølaværingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Smølas kommunevåpen - "I rødt to flygende måker i sølv"», smola.kommune.no
  2. 1 2 3 4 5 «Smøla - et overblikk», smola.kommune.no
  3. 1 2 «Smøla – øy i et hav av muligheter.», smola.kommune.no
  4. 1 2 Bygninger og Byggeskikk på Smøla
  5. 1 2 Folketeljing 1801 for Edøy prestegjeld, frå Digitalarkivet
  6. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  7. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
  8. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  9. 1 2 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  10. 1 2 3 4 5 6 7 Folkemengd i Edøy/Smøla 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  11. Folkemengd i Brattvær 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  12. Folkemengd i Hopen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  13. Kommunefakta Smøla SSB
  14. Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet
  15. 1 2 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]