Smørbukk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Smørbukk er ein norsk teikneserie.

Serien vart starta i Norsk Barneblad sommaren 1938. Då illustrerte Jens R. Nilssen folkeeventyret Smørbukk. I dei neste nummera av Norsk Barneblad heldt serien om Smørbukk fram. No var det ikkje guten frå eventyret, men ein matglad liten gut som vart ute for mange krevjande situasjonar.

I 1941 kom første Smørbukkheftet til jul. Etter det har Smørbukk kome kvar jul, unnateke 1944, då det var papirmangel. Kvart hefte har ei sjølvståande forteljing.

Frå 1963 - 1970 vart det utgjeve vårhefte. Det har og kome eit feriehefte.

Personane[endre | endre wikiteksten]

Hovudpersonen i serien er Smørbukk. I starte var han ein gut på 5 - 6 år. Seinare har han etter kvart vakse til ein ungdom på 15 - 16. Han vert oftast presentert i ein raud islendar. Den vart han først teikna med i Norsk Barneblad i 1950. Frå 1955 har han og hatt islendaren i julehefte.

I dei fleste hefta er Trond med. I starten var han granneguten som Smørbukk ofte var uven med. Seinare har dei vorte kameratar som har opplevd mange eventyr i lag.

Storesøstera til Smørbukk heiter Bjørg. Ho er framstilt som den fornuftige motsetnaden til Smørbukk. Stundom er ho til plage. Andre gonger er ho med på eventyra.

Ein del andre personar som er mindre viktige er med i mange av forteljingane. Det er foreldra til Smørbukk, foreldra til Trond, læraren og lensmannen.

Teiknarar[endre | endre wikiteksten]

Den som skapte figuren Smørbukk var Jens R. Nilssen. Han var teiknar frå 1938 til 1959.

Solveig Muren Sanden tok over som illustratør i 1959. Ho teikna jule- og vårhefta til i 1981.

Håkon Aasnes har teikna sidan 1982.

Forteljarar[endre | endre wikiteksten]

Redaktøren i Norsk Barneblad Andreas Haavoll skreiv dei første fortellingane, til 1942 saman med Øyvind Dybvad. Så fortalde Dybvad åleine til og med 1954. Då skreiv Haavoll i eit julehefte.

Den nye redaktøren for Norsk Barneblad, Johannes Farestveit, overtok i 1956. Han fortsette i samarbeid med Muren Sanden til 1979.

Etter 1980 skreiv Olav Norheim og Velle og Gard Espeland. I 1984 finn vi Ingvar Moe som forteljar.

Frå 2000 har Håkon Aasnes fortalt.

Anna[endre | endre wikiteksten]

I 1973 fekk Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden Kulturdepartementet sin teikneseriepris for illustrasjonar og tekst i teikneserien Smørbukk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]