Smørfjord

Koordinatar: 70°30′15.419″N 25°2′23.647″E / 70.50428306°N 25.03990194°E / 70.50428306; 25.03990194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå vestsida av Porsangerfjorden
Europaveg 69 går gjennom Smørfjord

Smørfjord (nordsamisk Smiervuotna,[1] kvensk Smervuono) er ein liten stad på vestsida av Porsangerfjorden i Porsanger kommune i Finnmark fylke med i underkant av 100 fastbuande og med kring 50 reindriftsutøvarar frå reinbeitedistriktet Skuothatannárga, Karasjok, nær bygda i sommarhalvåret. Dei har sommarbuplass på vegen mot Kokelv.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Frå gammalt av var det tradisjon å bytte varer og tenester mellom dei fastbuande sjøsamane og reindriftsamane som budde i sommarhalvåret i bygda, med reinflokkane sine som var på sommarbeite ute ved kysten. På samisk vert dette kalla for «verddevuohta», som kan setjast om til «venn» eller «gjestevenn» og dei kalla kvarandre for «verdde». Med moderniseringa av samfunnet, ikkje minst innan reindrifta, forsvann ein del av denne tradisjonen. Byttehandeltenestene som det hadde vore tradisjon for i generasjonar vart det mindre av, noko som også forsterka konfliktnivået mellom fastbuande og reindriftsutøvarane i området.

Av næringsverksemd i eldre tider var ein kombinasjon av fiske og småbruksdrift, i tillegg til at enkelte også hadde rein. E 69 går gjennom bygda og vidare utover til Honningsvåg og Nordkapp. I dag er det fellesskule for distriktet i Olderfjord, men tidlegare har det vore eigen skule i Smørfjord med eit privateigd internat for dei med lang veg til skulen. Staden hadde òg eigen butikk, men i dag er næraste butikk i Olderfjord, der det òg er postkontor og bensinstasjon.

Smørfjord har hatt eige fiskebruk som med hjelp frå kommunen framleis er i drift. Det har også vore fiskematfabrikk, og i dag er det bygd opp eit sjøsamisk tun, som er ope om sommaren, med eigen kiosk. Den siste som dreiv med sauehald la ned drifta i 2004. Nokre få driv enno med fiske.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege samiske namnet på staden er Smiervuotna, i tillegg til det kvenske namnet Smervuono og det norske namnet Smørfjord. Vuotna tyder 'fjord' på samisk og ein går ut i frå at smier kan knytast til ordet smierru som tyder 'skjør' eller 'sprø', eller til smiergas, 'knakande lyd'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

70°30′15.419″N 25°2′23.647″E / 70.50428306°N 25.03990194°E / 70.50428306; 25.03990194