Smørfjorden

Koordinatar: 70°31′49.408″N 25°8′39.379″E / 70.53039111°N 25.14427194°E / 70.53039111; 25.14427194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smørfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Porsanger
Kart
Smørfjorden
70°31′49″N 25°08′39″E / 70.53039111°N 25.14427194°E / 70.53039111; 25.14427194

Smørfjorden (samisk Smiervuotna) er ein fjordarm av Porsangerfjorden på nordsida av Bringsnes i Porsanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 8 km sørvestover til bygda Smørfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Seljenes i nord og Ankervik i sør. Gardsbruka Solberg og Solbakken ligg på vestsida av fjorden. Sør for Solbakken ligg det smale sundet Straumen (samisk Rivdŋi) og delen av fjorden innfor sundet vert berre kalla Innsjøen. Her ligg bygda Smørfjord på vestsida heilt inst. I botn av fjorden ligg Nordeidet, eit om lag 800 meter breitt eid som går over til botn av Olderfjorden på andre sida.

Fjorden er 120 meter på det djupaste, like sør for Seljeneset. Europaveg 69 går langs heile nordvestsida av fjorden.

70°31′49.408″N 25°8′39.379″E / 70.53039111°N 25.14427194°E / 70.53039111; 25.14427194