Smørskredtinden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smørskredtindane
fjell
Smørskredtinden til høgre og Slogen til venstre sett frå sørvest. Norangsdalen under.
Land  Noreg
Område Stranda, Ørsta (Møre og Romsdal)
Høgd 1 631 moh.
Primærfaktor 1 300 m
Kart
Smørskredtinden
62°12′00″N 6°43′56″E / 62.2°N 6.7322222222222°E / 62.2; 6.7322222222222

Smørskredtinden er eit fjell på Sunnmøre med to toppar. Høgste toppen, den eigentlege Smørskredtinden (og kalla Vestre Smørskredtinden) er 1631 moh og ligg i Ørsta kommune. Den mindre Austre Smørskredtinden er 1606 moh og ligg i Stranda kommune. Dei to toppane er skilde frå kvarande av eit kvasst skar og to eggar.

Skarpklatring må til om vil ein gå frå den eine toppen til den andre. Men kvar for seg er dei to toppane greie å nå.

Hjørundfjordingen Jon Klokk og britane Wiliam Ecroyd og William Cecil Slingsby var dei fyrste som kleiv til topps på Vestre Smørskredtinden, den 21. august 1884.