Smørsongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frank Sinatra, 1947

Smørsongar eller crooner er eit omgrep som oppstod i USA om mannlege songarar som song jazzstandardar, hovudsakleg frå Great American Songbook, som regel akkompagnrt av fullt orkester, eit storband eller piano. Opphavleg var det eit ironisk omgrep som synte til ein sentimental syngestil som oppstod etter mikrofonane vart funne opp. Somme artistar, som Russ Columbo, aksepterte ikkje omgrepet.[1] Frank Sinatra sa ein gong at han ikkje rekna seg sjølv eller Bing Crosby som «smørsongarar».

Kjende smørsongarar[endre | endre wikiteksten]

Croonerstilen byrja for alvor med Bing Crosby, som snart fekk følgje av populærartistar som Frank Sinatra og Dean Martin. Mange smørsongarar vart verdskjende, som Mel Tormé, Tony Bennett, Pat Boone, Sammy Davis jr., Nat King Cole, Neil Sedaka, Engelbert Humperdinck og Jim Reeves.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Russ Columbo Doesn't Croon». Milwaukee Journal. 1 November 1931. Arkivert frå originalen 2. februar 2016. Henta 24 June 2010.