Smalnebblire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Smalnebblira)
Smalnebblire
Foto: Flickr-brukar Mike Baird
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Smalnebblire
Utbreiinga av Smalnebblire
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Ardenna
Art: Smalnebblire A. tenuirostris
Vitskapleg namn
Ardenna tenuirostris

Smalnebblire (Ardenna tenuirostris) er ein fugl i stormfuglfamilien. Han er den mest talrike sjøfuglarten i australske farvatn og er ein av dei få australske hekkefuglar der fugleungane blir hausta for kommersielt føremål. Ungane blir fanga i garn og deretter haldne i kokande vatn i nokre sekund. Det er ein flyttfugl som hekkar hovudsakleg på små øyar i Bass Strait og Tasmania, og vandrar til den nordlege halvkula til den boreale sommaren.

Ungfugl av smalnebblire.
Vaksent individ av smalnebblire.

Kvar av foreldra matar ungen i 2-3 dagar og forlèt deretter reirplassen i opptil tre veker for å samle mat. Desse fôringsturane kan dekke ein distanse på 15 000 kilometer og i mens kan ungen vere utan tilsyn i over ei veke. Når ungen er flygedyktige veg han rundt 900 gram, og kan vere tyngre enn foreldra. I Tasmania, og spesielt på øyar i Furneaux-gruppa, blir ungane hausta inn på dette tidspunktet for mat og olje. Den største populasjonen i verda, 2,8 millionar par, eller om lag 12 % av totalbestanden, synest å bruke Babel Island i øygruppa som hekkelokalitet.

Under den australske vinteren vandrar smalnebblire nordover til havet utanfor Aleutane og Kamtsjatka. Så vandrar dei sørover igjen om våren langs kysten California før dei kryssar Stillehavet og tilbake til Australia.

Denne arten ser ut til å vere nært i slekt med Puffinus-artane grålire og storlire. Alle tre har svart nebb og hale som ikkje er rett avkutta, men dei presise relasjonane er uklåre.[1] Desse er blant dei større lireartane som kan utgjere si eiga slekt, Ardenna.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Austin, Jeremy J. (1996): Molecular Phylogenetics of Puffinus Shearwaters: Preliminary Evidence from Mitochondrial Cytochrome b Gene Sequences. Molecular Phylogenetics and Evolution 6(1): 77–88. doi:10.1006/mpev.1996.0060 (HTML abstract)
  • Austin, Jeremy J.; Bretagnolle, Vincent & Pasquet, Eric (2004): A global molecular phylogeny of the small Puffinus shearwaters and implications for systematics of the Little-Audubon's Shearwater complex. Auk 121(3): 847–864. DOI: 10.1642/0004-8038(2004)121[0847:AGMPOT]2.0.CO;2 HTML abstract
  • Penhallurick, John & Wink, Michael (2004): Analysis of the taxonomy and nomenclature of the Procellariformes based on complete nucleotide sequences of the mitochondrial cytochrome b gene. Emu 104(2): 125-147. doi:10.1071/MU01060 (HTML abstract)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Austin, 1996; Austin et al, 2004
  2. Penhallurick & Wink, 2004

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]